ME SOM ØNSKJER GAMLE ØYGARDEN KOMMUNE TILBAKE

Ta gamle Øygarden kommune tilbake

Me vil ta ansvar for å utvikle ein levande kommune for framtida. Me som har vald å bu her veit best kva som skal til for å skape eit levande samfunn og korleis me skal utvikle ein velfungerande kommune for framtida.

Me vil ha råderett over ressursar og styre utviklinga av dei offentlege tenestene som skal vere gjeldande for oss innbyggjarar i gamle Øygarden kommune.  I prosessen med å slå saman kommunane Fjell, Sund og Øygarden, fekk me ikkje høve til å gje vår stemme då det vart sagt at det ikkje var tid til ei folkerøysting. Kun eit tilfeldig og lite tal innbyggjarar vart kontakta om kva ein meinte om kommunesammenslåing.

I intensjonsavtalen for den  nye kommune vart det lagt til grunn at me skulle oppretthalde skule- og barnehagestruktur. Det vart lova at me skulle få levande bygder og næringsutvikling i heile kommunen. Før den nye kommunen er eitt år kjem det framlegg om å endre skulestruktur, fusjonere skular og leggje ned ein velfungerende skule i ei levande bygd.  Kvaliteten på våre skular skal tilpassast oss på nivå med kommunar som prioriterer lågare kvalitet på kva oppvekst våre barn og ungdom skal få. Dette finn me oss ikkje i.

Under eitt år etter samanslåing ser me og tydelege signal på sentralisering og nedbygging av dei offentlege tenestene i vår del av den nye kommunen.  Me ser at våre eldre som treng sjukeheimsplass vert flytta til gamle Sund og Fjell kommuner. Skular skal fusjonerast, vårt gamle rådhus står utan lys og liv på kveld og helg. Det er ikkje slik me vil ha det her ute.

Me som bur i gamle Øygarden kommune vil stå for forvaltning og utvikling av kva samfunn og tenester som me skal leve med no og i  framtida. Me vil bestemme kven som skal vere våre ombudsmenn og - kvinner. Me vil bestemme bruk av inntekter, avgiftsnivå, og kvalitet på dei offentlege tenestene. Me som bur her er best til å leie, prioritere og gjere val for kva som er best for vidare utvikling og til beste for oss som har vald å busetje oss her nord.

Me vil ikkje bli styrt frå Straume. Me som bur her veit best kor skoen trykker og meiner at me er best til å ivareta både dei grunnleggjande behov som skal dekkast og styre kva utvikling  me vil ha for vår framtid.  Me ønsker at kvar og ein, er med oss og kjemper for å få tilbake kommunen vi var så glad i. Vær med og signer oppropet og med det, gje eit tydeleg JA til å ta tilbake gamle Øygarden kommune og sikre at råderetten over kommunen skal vere i våre eigne hender.  

Me krev difor folkerøysting og/eller anna prosess som kan sikre at gamle Øygarden kommune vert løyst frå den nye kommunen som vart stifta 1.1. 2020.  Me vil og ha namnet tilbake og gjer difor om at me for behalde namnet Øygarden kommune og at resten av Nye Øygarden kommune får nytt namn; til dømes Sotra kommune.


Tove May Knarvik Storebø    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Tove May Knarvik Storebø fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...