Me krev at kommunen offentleg beklagar den urett gjort mot lærarane!
Dette blir sendt til medlemmane i kontrollutvalet i Alver kommune som skal behandle saka 31.mai 2021.
I etterkant av at det blei kjent at fleire lærarar vart gjort urett mot i Alver kommune er det mange som har latt seg engasjere. Både unge og gamle, elevar, gamle elevar, foreldre og besteforeldre, kollegaer og tidligare kollegaer. Mange har vore sjokkerte over handteringa kommunen har gjort i desse sakene, og i Facebook-gruppa som blei oppretta til støtte for den eine læraren er det i skrivande stund 624medlemmer.
Slike saker er alvorlege og SKAL og MÅ handterast på ein skikkelig måte. I desse sakene er det fleire punkt ved handteringa ein kan stilla spørsmålsteikn ved og måten ein har gått fram for å få ei oppseiing er sterkt kritikkverdig.
Det er viktig for oss, og me ser det som heilt nødvendig at kommunen offentleg går ut med ein unnskyldning til lærarane dette gjeld. Ei slik påkjenning lærarene har gått gjennom treng ein sterk rygg for å bæra. Lærarane har blitt audmjuka og krenka, det har vore manglande tillit og støtte frå arbeidsgjevar og rykter har florert.
Som kommune skal ein opptre proffesjonelt, som arbeidsgjevar har du ansvar for at arbeidstakarane dine har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Her har kommunen og administrasjonen ei plikt til å levera, i desse sakene har dei ikkje gjort det.
Tida ifrå dette skjedde og til no har vore vond for fleire, no er det på tide at korta kjem på bordet og ein unnskyldning er på sin plass fra kommunen til dei det gjeld.
Mette Valle Kontakt personen bak underskriftskampanjen