La Siroos få bli i Norge!

NORGE KAN FÅ EIT LIV PÅ SAMVITET. LA SIROOS BLI I NORGE!

Vi vil be norske styresmakter la den iranske asylsøkjaren Siroos (Mehdireza Kabiriasl) sleppa ut frå Trandum utlendingsinternat, få rettferdig sakshandsaming, opphaldsløyve og leva som ein fri mann i Norge. Siroos har konvertert frå muslim til kristen, han har yrkesmilitær bakgrunn frå Iran og han er ein regimekritikar mot Iran. Sender den norske staten han tilbake til heimlandet, fryktar vi han kan bli utsett for fengsling og tortur, og i verste fall står livet hans i fare. Vi håpar vi er borgarar av eit raust og humant land der viljen til å verna menneske på flukt står sterkare enn motviljen mot å tru på dei som bankar på vår dør.

Pr 16.07.21 arbeider Politiets Utlendingsenhet aktivt for å få sendt Siroos tilbake til Iran.

UNE og Oslo tingrett set konsekvent ikkje lit til dokumentasjonen på den yrkesmilitære bakgrunnen til Siroos. Dette er for han eit stort og avgjerande punkt, for å bli sendt tilbake til eit autoritært regime som reknar deg som desertør, kan få svært dramatiske konsekvensar. Siroos har fått konkrete truslar om å bli tatt av dage av tidligare kollegaer i militæret.

Det er ein menneskerett å skifta tru, og det er ein menneskerett å praktisera trua si ope. Siroos og andre konvertittar frå Iran risikerer forfølging og fengsling dersom dei aktivt praktiserer dette i heimlandet. UNE og Oslo tingrett reknar med at Siroos ikkje vil praktisera trua si ope i Iran etter retur og meiner difor det er trygt for han å returnera. Dei tek ikkje omsyn til at han etter dåpen har vore svært aktiv i å dela trua både i Norge og via internett til Iran. Dette viser at UNE treng å reflektera meir om kva religionsfridom er og at tankegangen omkring utøving av religion har ei for snever kulturell tolkingsramme.

Mange som kjem hit, opplever å hamna i eit årelangt tomrom der dei manglar mange av dei rettane og muligheitene vi andre har. Ofte er dei menneske i sin beste alder. Men dei kan ikkje planleggja ei framtid, og dei får heller ikkje lov til å ta eit tak og etablera seg som vanlege borgarar i det store norske fellesskapet. Dei er menneske i limbo. For samfunnet er dette sløsing med menneskelege ressursar, og for den enkelte er det nedbrytande. Det verste er når dei, som Siroos, attpåtil blir sett inn i eit fengselsliknande internat på Trandum utan å vita noko om framtida.

Vi har respekt for at flyktninge- og asylpolitikken er eit krevjande felt, og vi forstår at det mange gonger kan vera vanskeleg å finna fram til fakta i enkeltsaker. Samstundes vil vi peika på at vern av sårbare enkeltmenneske er ein like viktig verdi i møte med ein asylsøkjar som det er for norske borgarar. Rimeleg tvil må koma enkeltmennesket til gode når liv og helse står på spel. Det er ikkje kriminalitet å flykta frå eit undertrykkande regime.

 

Fakta i saka:

 Fakta og status Mehdireza Kabiriasl.docx

 

Innlegg i saka:

Dagbladet:

PU dukket opp i rettssak: - Skremt av politiet i retten

Vårt Land:

Konvertitt sultestreiker på Trandum – frykter å bli returnert til Iran

Demonstrerer for sultestreikende konvertitt

Sultestreikende konvertitt innlagt på sykehus

Sultestreiken avsluttes, men usikkerheten vedvarer for iransk konvertitt

 

 

 

NORWAY MAY GET A LOST LIFE ON ITS CONSCIENCE. ALLOW SIROOS TO STAY IN NORWAY!

We implore the Norwegian authorities to release the Iranian asylum seeker Siroos (Mehdireza Kabiriasl) from Trandum detention centre, to be given a fair trial, and the right to remain as a free man in Norway. Siroos has converted from being a Muslim to being a Christian, he has a background as a professional soldier from Iran, and he is openly critisizing the Iranian regime. If the Norwegian authorities send him back to Iran, we fear he will be the victim of imprisonment and torture, and in the worst instance, his life is at stake. We are hoping that we are citizens of a just and humane country that will prioritise to protect and care for people who has been forced to flee their homelands over suspecting them of having illegitimate intentions.

As of July 16th 2021, the National Police Immigration Service works actively to return Siroos to Iran.

UNE and Oslo District Court are consistently disregarding the documentation that proves Siroos’ past as a professional soldier in Iran. To him, this is a critical points, because if he is to be sent back to an totalitarian regime as a deserter it may cost him his life. He has already had explicit threats on being killed by former colleagues in the Iranian military.

It is a human right to convert to a new religion, and it is a human right to practice one’s beliefs openly. Siroos and other converts from Iran do run a real threat of persecution and imprisonment if they live a Christian life in the homeland. UNE and Oslo District Court assumes that Siroos will not practice his new faith openly in Iran after being sent back, and consequently they claim that his return will be safe. They do not consider the fact that Siroos has been strongly active and shared his faith with others - directly and online to Iran - after his baptism. This shows UNE’s lack of understanding of what the freedom of faith actually means in practice, and that the current thinking and practicing a religion has a far too narrow cultural frame of reference.

Many people who flee to Norway, experience years of vacuum where they are not given the same human rights as other people living in the country. These are often young adults in their best ages. However, they are being robbed of the opportunity to plan their own future, and they are not allowed to contribute to nor establishthemselves as a part of the Norwegian society. They are people in limbo. To the society this is a waste of human resrources, and it is deteriorating to the individuals who experience this. The worst part is, as is currently the case with Siroos, when they are imprisoned in places like Trandum detention centre without knowing about the future.

We do appreciate that the policies on asylum are difficult and complex, and also that it can be hard to  retrieve reliable facts in some cases. At the same time, we will emphasise that the protection of indiviuals and their rights are as important and valid for asylum seekers as to ordinary Norwegian citizens. The benefit of the doubt must be given to the each individual human person when life and health is at stake. It is no crime to flee from a totalitarian and oppressing regime.

 

Facts about the case: 

Fakta og status Mehdireza Kabiriasl.docx

 

Stories about the case:

Dagbladet:

PU dukket opp i rettssak: - Skremt av politiet i retten

Vårt Land:

Konvertitt sultestreiker på Trandum – frykter å bli returnert til Iran

Demonstrerer for sultestreikende konvertitt

Sultestreikende konvertitt innlagt på sykehus

Sultestreiken avsluttes, men usikkerheten vedvarer for iransk konvertitt

 

نروژ می تواند با وجدان زندگی کند. بگذارید «سیروس» در نروژ بماند! ما از دولت نروژ خواهانیم که اجازه دهد پناهجوی ایرانی سیروس (مهدی رضا کبیری اصل) از کمپ تحت شرایط خاص شبانه روزی مهاجرت تراندوم آزاد شود ، رسیدگی عادلانه پرونده ، اجازه اقامت و زندگی به عنوان یک مرد آزاد در نروژ را بدست آورد. سیروس از اسلام به مسیحیت گرویده است ، او سابقه کار نظامی از ایران دارد و منتقد رژیم ایران است. اگر دولت نروژ او را به کشور خودش بازگرداند ، ما می ترسیم که مورد شکنجه قرار گیرد و زندانی شود. در بدترین حالت ، زندگی او در معرض خطر است. ما امیدواریم ما که شهروندان یک کشور سخاوتمند و انساندوست هستیم، جایی که حمایت از انسان در حال فرار در اولویت قرار دارد نسبت به کسانی که با بی میلی نزد ما می آیند. از تاریخ 16.07.21 ، واحد مهاجرت پلیس به طور فعال در تلاش است تا سیروس را به ایران بازگرداند. ‏UNE و دادگاه منطقه اسلو به طور مداوم به اسناد مربوط به سابقه حرفه نظامی سیروس اعتماد نکردند. نکته ای که برای او بسیار حائز اهمیت و حیاتی می باشد، این است که، بازگشت به یک رژیم استبدادی که او را به عنوان یک نظامی فراری از خدمت حساب میکنند، می تواند عواقب وخیمی داشته باشد. سیروس تهدیدهای مشخصی از همکارانش دریافت کرده است که او را تهدید به مرگ کردند. این حق انسان است که دین خود را تغییر دهد ، و این یک حق انسانی است که ایمان خود را آشکارا عملی سازد. سیروس و دیگر نوکیشان از ایران اگر این کار را به طور فعال در کشور خود انجام دهند، همواره تحت تعقیب قرار گرفته و زندانی می شوند. ‏UNE و دادگاه منطقه اسلو بر این باورند که سیروس پس از بازگشت به کشورش، ایمانش را آشکار نمی سازد، بنابر این مورد تهدید قرار نمی گیرد و ایمن است. آنها در نظر نگرفتند که وی پس از غسل تعمید هم در نروژ و هم از طریق اینترنت در ایران خیلی فعالیت داشت. این نشان می دهد که UNE باید بیشتر در مورد آزادی مذهبی و استفاده از مذهب در چارچوب فرهنگی، اطلاعات بسیار محدودی دارد، لذا باید بیشتر تأمل کند. بسیاری از کسانی که به اینجا می آیند،تنهایی را تجربه می کنند در حالی که فاقد بسیاری از حقوق و فرصت هایی هستند که دیگران دارند. غالباً آنها انسانهایی هستند که در اوج زندگی خود هستند که نمی توانند برای آینده برنامه ریزی کنند و همچنین حق ندارند مانند یک شهروند عادی از بسیاری مزایای جامعه نروژ مستفیض شوند. آنها در برزخ هستند. برای جامعه از دست دادن منابع انسانی و برای فرد از دست دادن فرصت است. بدترین حالت زمانی است که سیروس و افرادی مانند سیروس ، که در Trandum بسر میبرند، بدون اینکه چیزی درباره آینده بدانند. ما به سیاست پناهندگی احترام می گذاریم و می دانیم که حوزه دشواری است. واین را هم درک می کنیم که یافتن حقایق دربعضی موارد مشکل است. همزمان می خواهم اشاره کنم که حمایت از افراد اسیب پذیر چون یک پناهجو همانندیک شهروند نروژی با ارزش است. وقتی که زندگی و سلامتی در خطر است، کمترین تردیدی باید به نفع فرد باشد. فرار از یک رژیم استبدادی جرم نیست. جزییات پرونده: پیوند ها مربوط به جزوه اصلاح شده. مطالب مربوط به پرونده: اشاره به مطالب در روزنامه های مختلف

 

La Kuroosh/Siroos (Mehdireza) få bli!


Støttegruppa for Siroos på Facebook: La Kuroosh/Siroos (Mehdireza) få bli!    Kontakt personen bak underskriftskampanjen