Kommuneplan Etne, KPA-Innspel til førstegongshøyring 18/9 -23

1:Regulering for sentrum og industriområdet på Tongane.
a) Det er ønskjeleg å omregulere industriområdet på Tongane til å ikkje godkjenne industri som har fare for  utslepp av forureining til vatn og luft i form av gass, ubehagelig lukt eller støv. Uttrykket ubehagelig lukt må tolkast som råte- og skitlukt og liknande som kan driva ut av industriområdet. Eit biogass anlegg er noko som vil væra av ei slik kategori, men òg eit losseområde frå båt, evt lager av luktande avfall som ikkje er tett nok  dersom ein ikkje greier å halde alt tett. Eksisterande industri som sanddrift og steinknusing bør kunne få drive vidare med nokre nye restriksjoner(sjå punkt b).

b) Om ein tar hensyn til at store delar av Etne sentrum er i fare for å bli råka av flaum, så er det viktig at det ikkje er mykkje støv/sand som dett av lasset frå transport gjennom Etne. Dette fyller seg opp i kummar og drenering, og det er fare for så store mengder at det kanskje ikkje er tilstrekkelig å renske kummar ein gong i året. At kummane er gode nok til kvardagsregn veit vi, men under ein flaum vil det væra avgjerande at dei tek unna mykkje vatn for å unngå skade. I tillegg er det så mykkje støv og sand i lufta, at dette er til plage for dei som bur langs traffikkert veg. For eksisterande bedrifter kunne ein løyse dette med krav om tildekking av støvande last som kjøyrer inn og ut frå dette området og gjennom Etne, samt grundigare vatning under steinknusing og opphvirvling av støv. Dette støvet er heller ikkje noko heldig å få i sjøen der me skal ta hensyn til sjøliv. Eg kan nemne at folk får fint sandstøv langt inn i husa sine, og noko av den mengda puster me inn. Det som samler seg i vegkantar er såpass mykkje at på berre ein kvadratmeter asfaltert vegkant, greidde eg å skuffe opp ei halv trillebår. Dette vil fylle godt opp i kummar, renner og rør. I tillegg i dreneringa til hus.  

2:Regulering for Etnefjella og planlagte 420 KV høgspentmaster der.
Her tenker eg at Etne kommune kan gjere alt dei kan for å setje grenser for utbygging av mastene  i form av luftstrekk. Ein må kunne bruke vern av kultur- og naturlandskap som argument. No er det allerede noko av område som er under verneplan for vassdrag, og det burde vore grunnlag å i tillegg verne det som er myr i området. Linjene skal òg kryssa områder for naturfare, og det vil seie at det er fleire grunner til å leggja linjene i sjø- og jord.

3:Fortetting av sentrum, Etnesjøen:
a)Framtidige prosjekt med hus betydelig høgare enn ein vanlig einebolig, bør ikkje prosjekterast mellom det som no er E134 og strandsona. Heller ikkje i område med fare for flaum og kvikkleire. Her kan ein setje grense i meter eller etasjar, td 3-4 etasjar med standard  bolighøgde.

b) Det vart nemt på informasjonsmøtet at faresonane for naturskade gjer at det blir søknadspliktig å bygge under 50 kvm bygninger på eiga tomt. Då foreslår eg at dette ikkje treng å gjelde redkapsskur utan tett golv, eller drivhus der ein har eit golv med sluk eller drenering, då eg forstår at det er ein fordel at mest mogleg flate på tomta kan ta opp vatn under ein flaum.

c)Eldre trebebyggelse som ikkje er til utvendig forfall, bør ikkje rivast eller kondemnerast, då disse husa gir sentrum eit fint preg som er verdsett av både befolkninga og besøkjande. Vidare bør kommunale boliger væra forplikta å vedlikehalde, og ikkje la stå til forfall, slik som det gamle legekontoret gjer no. Ein bør i tillegg setje som mål å ta mest mogleg vare på grøne soner i sentrum, i tillegg til det som er landbruksjord.

PS: Punktlista her, refererer ikkje til punktnummereringa i planomtalen.

Når du skriv under kan du skrive kva slags punkt du er enig/ikkje enig med.  Om du berre skriv under, utan spesifisering, så er du enig med alt.

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Agathe Børretzen fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...