JA til å prioritere E16, opprusting av eksisterende veier og NEI til bro over Bjørnafjorden

Støtt vedtaket i Vestland Fylkesutvalg som setter hensynet til liv, helse og miljø foran planer om motorvei over Bjørnafjorden, Reksteren og Bårdsund ved å signere dette oppropet. 

12. mai skal Fylkestinget i Vestland gjøre endelig beslutning og vi trenger din støtte for at vedtaket skal bli det samme her. 

Vi gir full støtte til fylkesutvalgets vedtak om å ikke prioritere Hordfast over Bjørnafjorden i innspillet til Nasjonal Transportplan (NTP). I stedet må Hordfast via Fusa og Tysnes utredes for valg av fremtidig E39 mellom Bergen og Stord.

96108864_650905369094846_726021799996817408_n.jpg

Vedtaket finnes her:

https://innsyn.vlfk.no/Innsyn/DmbHandling/Details/1869?sourceDatabase=

Eller dere kan lese hele teksten under her:

Prioriteringen er i punkt 8

 

NASJONAL TRANSPORTPLAN 2022-2033.
FU-møte 30. april 2020
FRAMLEGG FRÅ SAMARBEIDSPARTIA.

1. Fylkestinget viser til høyringsfråsegn frå 2019 frå tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar om dei viktigast utfordringane til Nasjonal Transportplan 2022-2033.
Høyringsfråsegna viser at det er store uløyste utfordringar for å få eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i Vestland. Fylkestinget viser også til at det er naudsynt å få opp aktiviteten i næringslivet i Vestland etter korona-pandemien. Dei store behova gjer at det framleis må vere høge rammer i Nasjonal Transportplan.

2. Fylkestinget meiner at liv og helse må prioriterast først og at transportnettet vårt må vere trygt, føreseieleg og framkomeleg og bidra til balansert utvikling i heile fylket. Dagens modellar for samfunnsøkonomisk lønsemd må reviderast og er ikkje åleine tilstrekkeleg som vurderingskriterium for prioriteringar.

3. Fylkestinget viser til skeivdeling av den totale ramma for NTP. Vestland har enorme behov knytt til å sikre liv og helse, likevel får landsdelen ein uforholdsmessig liten del av dei totale investeringsmidlane. Sentrale deler av landet får dekka svært mykje av kollektivtransporten sin av staten, utan fylkeskommunale utgifter, fordi det vert føregår med tog. For Vestland fylke gjeld dette i svært liten grad, og då på strekninga Voss-Bergen. Det er derfor eit rimeleg og rettferdig krav at staten tar sterkare del i naudsynt kollektivsatsing i Vestland, og særleg i og rundt Bergen med finansiering av bybana.
I inneverande NTP har jernbane om lag halvparten av dei statlege investeringsmidlane og denne satsinga føregår i hovudsak i det sentrale austlandsområde. Fylket vårt får heller ikkje del i prosjekta til "Nye vegar" og her berre eitt OPS-prodsekt i Vestland.

4. Fylkesvegane er viktige bindeledd lokalt og er sentrale i å mate trafikk inn mot riksvegnettet. Fylkesvegane må vere trygge og framkommelege og sikrast mot ras og flaum. Fylkestinget viser til, og støttar Nasjonal Rassikringsgruppe sitt, krav om å utbetre alle punkt med skredfaktor høg og middels. For Vestland fylke er desse utbetringane rekna til 40 milliardar for riks- og fylkesvegnettet. Vestland fylke ber om store løyvingar til fylkesvegnettet slik at vi kan ta att etterslepet på fylkesvegane i løpet av ein tiårsperiode – tilsvarande mål som Staten har for sine vegar.

5. Fylkeskommunane har fått nye statlege krav og oppgåver utan at tilstrekkeleg med ressursar har følgd med. Vestland fylkesting vil peike på:
a. På grunn av klima- og miljøkrav, og ei naudsynt fornying av ferjeflåten som ikkje er
kompensert, er ferjefylka sett i ein særs vanskeleg økonomisk situasjon.
b. Fylkeskommunane står ovanfor ei tilsvarande økonomisk krevjande situasjon grunna krav til reduksjon av klimagassutslepp for hurtigbåtane.
c. Tunneltryggleiksføreskrifta er eit nasjonalt krav som ikkje er tilstrekkeleg finansiert.
Vestland har i dag om lag halvparten av alle fylkesvegtunnelane i landet og vil ikkje klare
fristen med dei ressursar som er stilt til rådvelde.
d. Fylkeskommunen har overteke ansvaret for fiskerihamner. Midlane som er overførte til
fylkeskommunane er langt lægre enn det som Kystverket hadde til disposisjon for
fiskerihamner. Det er heller ikkje overført personellressursar.
e. Fleire fylkesvegar er omkøyringsvegar for riksvegar med hyppige stengingar, både som
følgje av ulukker, ras, flaum og vegarbeid. Fleire av fylkesvegane er ikkje i god nok stand
til å handtere dei store trafikkmengdene som kan kome av stengingar. Fylkestinget ber
om at det vert sett av midlar for å betre framkome på omkøyringsvegar.
f. Fylkestinget meiner det er viktig å oppretthalde flyrutene i distrikta og det må bli tilført
tilstrekkeleg økonomiske ressursar slik at FOT-rutene kan vidareførast. Det bør
opprettast nye FOT-ruter på strekningar der det ikkje lenger er økonomisk lønsamt med
kommersielle flyruter.

6. Det er knytt store kostnader til gjennomføring av nullvekstmålet og finansieringa av store kollektivinfrastrukturprosjekt er delvis finansierte av bompengar. På sikt er ikkje dagens finansieringssystem for byvekstavtalar berekraftig. Vestland fylkeskommune har store økonomiske utfordringar knytt til lån som måtte til for å bygge første trinn av bybana i Bergen, der staten sitt bidrag var 8 prosent. Staten må ta eit større ansvar for utbygging av kollektivsystem i dei store byane, mellom anna ved å bidra med minst 70% av finansieringa, eller auke ramma kraftig til Bybana sitt byggetrinn 5 til Åsane. Fylkeskommunen må også settast i stand til å kunne finansiere auka driftsutgifter til kollektivtrafikken for å kunne nå nullvekstmålet.

7. Fylkestinget viser til at det er store behov for investeringar i samferdsel på Vestlandet, og legg vekt på:
a. Fylkestinget er nøgd med at samferdselsetatane legg stor vekt på å redusere forfallet.
Etterslepet på fylkesvegnettet er stipulert til om lag 12,0 milliardar i Vestland. Det er
behov for å kritisk vurdere standardval, krav til hastigheit og trasear med sikte på å få
ned kostnadsnivået. Standardval må også ta omsyn til at klima- og miljøutfordringane
tilseier at biltrafikken må reduserast, særleg i og rundt dei store byane. Det må vera eit
krav at alle europavegar har ein standard som tilsvarar minimum tofelts køyrebane med
gul midtstripe.
b. Vegar og bane må sikrast mot skred og flaum. Fylkestinget viser til Nasjonal
rassikringsgruppe sine krav om ein nasjonal plan for sikring av alle punkt med høg og
middels skredfaktor i løpet av ein 12 årsperiode.
c. Fylkestinget er positiv til at det blir fremja tiltak på lengre korridorar i staden for berre
einskildstrekningar. Det er behov for strategiar for einskildstrekningar for å betre
standard, der det også blir vurdert enklare tiltak for å fjerne dei viktigaste flaskehalsane
og ulukkespunkta. Mange mindre tiltak kan ha stor positiv effekt og det må bli avsett
tilstrekkeleg med programområdemidlar til mindre tiltak.
d. Ein god og berekraftig infrastruktur i dei folkerike områda i og rundt Bergen er særs viktig for å redusera klimagassutslepp. Bergensregionen har spesielle utfordringar når det
gjeld knappheit på areal, framkomst, støy- og luftforureining og behov for å redusera
personbiltrafikken for å nå nullutsleppsmålet. Staten må difor i langt større grad bidra i
finansieringa av store prosjekt som til dømes bybane til Åsane og sikre Byvekstavtalen i
Bergensområdet.

8. Vestland er eit fylke med store behov innan samferdsle og prioritera følgjande investeringar i store prosjekt:
a. Av omsyn til stor rasfare og mange ulukker er Vestland fylkesting si hovudprioritering for nye store prosjekt K5-alternativet for ny E16, og Vossebanen Arna-Stanghelle med
samanhengande utbygging. Det må startast vidare planlegging av strekninga StanghelleVoss. Reisetida på Bergensbana må kome ned mot fire timar mellom Bergen og Oslo, og fylkestinget er nøgde med at Ringeriksbanen ligg inne i Jernbanedirektoratet sine priorienteringar.


b. Fylkestinget viser til Stortinget si handsaming av gjeldande NTP, der fleire viktige prosjekt for Vestland er med, og som no ikkje er funne plass til innanfor dei krava
transportetatane har fått i oppdrag å prioritere etter. Det gjeld mellom anna fleire tiltak
på E39 og på E134. Den siste har ein merknad om at Seljestad-Røldal bør kunne starte i
gjeldande periode som bompengelån. Prosjektet er planavklara. Alle disse prosjekta må
kome inn i første del av NTP. Fylkestinget viser til at Stad Skipstunnel er prioritert av eit
samla Storting i gjeldande NTP, og ventar difor at Stad Skipstunnel får oppstartløyving i
2021 og vert fullfinansiert påfølgjande år. Fylkestinget føreset vidare at alle prosjekt
som er bundne med oppstartløyving er å sjå på som igangsette.


c. E39 er den mest sentrale transportkorridoren for Vestland og må prioriterast som hovudferdselsåre med tilstrekkeleg standard for å binde landsdelen saman, og for å styrke sambandet med Europa. Det må utarbeidast ein samla plan for utbygging av denne ferdselsåra.
Fylkestinget meiner at på sikt må ein mest mogleg ferjefri E39 vere ei  ålsetting. I første omgang må likevel strekningane mellom fjordkryssingane prioriterast. Det bør vere høgare frekvens på ferjesambanda.
Særleg er behova store på strekningane E39 Heiane-Ådland, E39 Eikefet-Romarheim, E39
Bogstunnelen-Gaular grense, E39 Storehaugen-Førde og E39 Byrkjelo-Grodås, samt
utbetring av punkt på strekninga Byrkjelo og Sandane. Desse strekningane manglar i stor
grad gul midtstripe, har dårleg kurvatur og utgjer flaskehalsar på vegnettet. E39
Storehaug-Førde vil erstatte den ulukkesbelasta, bratte og svingete vegen ned til Førde
sentrum frå sør. Han vil også gje stor innsparing i reisetid, vere eit viktig
trafikktryggleikstiltak og bør derfor prioriterast i første periode, saman med parsellar
som i dag ligg inne i NTP.
Fylkestinget rår til at det blir sett av midlar til lenging av Fløyfjellstunnelen til Eidsvåg for
å kunne leggje til rette for Bybana sitt byggjetrinn 5 til Åsane. Dette arbeidet må sjåast i
samanheng med oppgradering av Fløyfjellstunnelen etter tunneltryggleiksforskrifta.
Fylkestinget meiner vidare at den ulukkesutsette og overbelasta delstrekninga E39
Klauvaneset-Vågsbotn må prioriterast. Standardkrava må vurderast og fylkestinget
meiner det er tilstrekkeleg med 80 km fartsgrense, og at kollektivtrafikken vert prioritert.

d. Fylkestinget er nøgd med at Statens Vegvesen føreslår rassikring av rv. 5 Erdal-Naustdal, rv. 13 Vinje-Myrkdalen og rv. 13 Kinsarvik-Byrkjeneset. Fylkestinget vil vidare særleg vise til behovet for å realisere ny tunell på rv. 13 Vikafjellet som er den mest
vinterstengte fjellovergangen i Sør-Noreg, både grunna ras og vanskeleg vinterdrift. Rv
15 Strynefjellet må løysast med ny tunell grunna tunelltryggleiksforskrifta, jamfør allereie
vedteke konsept. Vanskeleg vinterdrift og rasfare gjer at vegen er ofte stengd. Dei
skredutsette partia på E39 Skjersura, E39 Våtedalen og E16 Nærøydalen må sikrast.
e. Fylkestinget vil prioritere rv. 52 og E134 som hovudsamband mellom Austlandet og
Vestlandet. I første omgang må E134 Vågslid-Røldal inn i Nasjonal transportplan 2022-
2033, og det bør startast reguleringsplanlegging for strekninga E134 BakkaSolheim. Vidare viser fylkestinget til Regjeringa si avgjerd om å prioritere rv. 52 som
hovudsamband for tungtransport og rv. 7 for personbiltrafikk og turisme. Det er behov
for ein vidare utviklingsstrategi for oppgradering av dei to sambanda, og det bør
avsetjast midlar til strekningsvise utbetringstiltak for å betre vinterregulariteten.
Fylkestinget stør fagetaten sitt innspel om å prioritere opprusting av rv 5 Markegata i
Florø.
f. Vinterregulariteten på Bergensbanen må betrast. Det er behov for fleire og lengre
kryssingsspor for at godstransport på jernbane skal styrkje si stilling i forhold til
godstrafikk på vegar.
g. Det bør avsetjast strekningsvise midlar til rv. 13 gjennom Hardanger for å fjerne dei
største flaskehalsane.
h. Fylkestinget er nøgd med at Kystverket vil prioritere ei rekkje farleistiltak på Vestlandet. Heving av vraket av ubåt U-864 ved Fedje er eit viktig prosjekt for kystsamfunnet og fylkestinget meiner det må ei eiga løyving til for dette tiltaket utan at det reduserer Kystverket sin kapasitet til å ivareta sine prioriterte oppgåver.
i. Fylkestinget meiner det er viktig å utvikle eit fungerande ringvegsystem i Bergen, og rår difor til at strekninga Arna-Fjøsanger/Hop blir prioritert før strekninga E16 ArnaVågsbotn. I eit kortsiktig perspektiv vil fylkeskommunen vurdere å utbetre fv. 587 ArnaNesttun, men denne vil ikkje vere ei erstatning for ringveg aust på lenger sikt.
j. Fylkestinget viser til aust-vest-utgreiinga der det blir rådd til å gjennomføre ein
konseptvalutgreiing for ein diagonal mellom E134 og Bergensområdet og ber om at dette
arbeidet vert starta opp. Vidare ber Fylkestinget om at det vert starta opp ei KVU på rv 5
Håbakken-Skei.

9. FN sine bærekraftmål, og særleg mål 9, peikar på det viktige i å ha god og solid infrastruktur for at samfunnet skal fungere. Infrastrukturen vi bygger må legge til rette for den elektrifiseringa vi ser vil kome; både av fly, båtar og bilar. Siste tida med krisehandtering har også synt kor viktig det er å kunne ha digital infrastruktur for å kunne drifte eit samfunn. NTP må legge til rette for at samfunnet kan ta dei rette klima-vala, slik at vi kan halde internasjonale forpliktingar.
Nasjonal transportplan 2022-2033 må avklare ein vidare strategi for korleis transportsektoren skal bidra til reduserte klimagassutslepp og hindre tap av matjord og naturmangfald for å nå nasjonale mål. Tiltak som stimulera til teknologisk utvikling, endringar i køyretøypark, reduksjon av utslepp i drifts- og anleggsfase samordna areal- og transportpolitikk i byområda er viktige tiltak. Det må gjennomførast tiltak for å redusere klimagassutslepp i distrikta, som for eksempel å leggje til rette for ladeinfrastruktur.
10. Høgfartsbreiband til alle og full dekning av 5G mobilnett er avgjerande for vekst, utvikling, tryggleik og beredskap. I dagens moderne Noreg er full og sikker tilgang til dette for alle ein like naturleg infrastruktur som elektrisitet og vatn/avløp. Vestland fylkeskommune ventar at Staten sikrar anleggsmidlar som gjer at vi får bygt ut denne infrastrukturen i heile fylket innan 5 år.
11. Fylkestinget syner til teknologiutviklinga innan elektrifisering av luftfarten. Kortbanenettet i Vestland er godt eigna til å prøve ut denne teknologien, og Vestland fylke vil gjerne ha rolla som pilotfylke for elektrifisering av luftfarten. Vi ber om midlar til å etablere nullutsleppsteknologi innan luftfart og at Avinor prioriterer elektrifisering av utvalde innanlandsruter til og frå Flesland, slik at Vestland kan utvikle leiande kompetanse for elektrifisering av luftfarten.
12. Ferjeavløysing må bli eit eige strategisk satsingsområde i NTP. Fylkestinget meiner verktøya for ferjeavløysing må oppretthaldast og styrkast, mellom anna ved å legge til rette for nye kontraktsformer for brubygging og føreseielege finansieringsformer som tar omsyn til heile kapitalkostnaden.
13. Sykkelen er et transportmiddel som er tilgjengeleg for dei aller fleste og som med riktig tilrettelegging kan bidra til at samfunnet når viktige nasjonale mål for betre folkehelse og betre miljø. Mål om 8% sykkeldel nasjonalt og 20% sykkel i dei største byane må oppretthaldast. Det er behov for ein nasjonal sykkelstrategi som sikrar prioritering av sykkel ved nye vegprosjekt på både riksveg, fylkesveg og i byvekstavtalene. Sykkelbyprosjektet bør utvidast til fleire tettstader.
14. Regjeringa må følgja opp intensjonane i barnas transportplan med midlar til trygge skulevegar og andre tiltak retta mot barn og unge. Fylkestinget vil peika på tiltak som til dømes betre og heilskapleg infrastruktur for skulebarn som går eller syklar og trygg av-/påstiging for skulebuss/båt. Det er behov for auka bruk av Hjartesone ved planlegging av nye skular og styrkt satsing på trafikktryggleik i helsestasjonar, barnehagar og skular.
15. Det samla garantiansvaret til fylkeskommunane er blitt høgt, og fylkestinget meiner at staten må ta over dette ansvaret på riksveg.
16. Vestland fylkeskommune forventar at det blir ein vidare dialog med departementet om prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033.


Framlegg slutt.


Folkeaksjonen Mot Bru Over Bjørnafjorden    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Folkeaksjonen Mot Bru Over Bjørnafjorden kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Merk at du ikke kan bekrefte signaturen din ved å svare på denne meldingen.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...

Facebook