Ikkje legg ned Uggdal Skule i Tysnes kommune

NEI TIL 1-10 SKULE PÅ TYSNES! 

54D75BDA-E2F2-4ED8-A28C-E600CD0AF93B.png

Foto: Bladet Tysnes

Høgre og Senterpartiet i Tysnes kommune vil leggja ned Uggdal skule og flytta over 100 små 1-4 klassingar til ein storskule i Våge. Der vil dei samla elevane frå 1 til 10 klasse på eit lite område som skal husa over 300 elevar. Dei minste vil vera berre 5 1/2 år og skal gå saman med 15-åringar på same skule.

Høgre og Senterpartiet har ikkje ville høyra på den faglege rapporten frå Norconsult, rådmannen si innstilling eller innspela frå Ungdomsrådet, Elevrådet, bygdelaga på øya, FAU, store verksemder samt enkeltpersonar som har sendt inn høyringsinnspel til skulebruksplanen. Alt arbeidet dei har lagt ned i høyringsuttalene har vore bortkasta. Høgre og Senterpartiet har nemleg bestemt seg for lenge sidan at dei skal sentralisera skulen til Våge.

Med dette ser H og Sp vekk i frå at kyststamvegen E39 vil koma og kan medføra auka folketal og busetnad i kommunen. Dei ser også vekk i frå at 1-10 skulen vil vera full før nye innbyggjarar kjem flyttande til øya vår.
Dei lukkar augo for at arealet som skulen disponerer på Gjerstad ikkje vil vera tilstrekkeleg for så mange barn med ulike behov. Dei vender det døve øyret til lærarar og elevråd som åtvarer mot mobbing på 1-10 skular og meiner dei minste elevane har det tryggast på 1-4 skule.

Dei bryr seg heller ikkje om at ein 1-10 skule vil rasera kommuneøkonomien og såleis gå ut over tilbodet til alle innbyggjarar i Tysnes kommune. Rådmannen har allereie fått marsjordre om å finna 3 millionar kroner å kutta berre det første året, j.f.r. det framlagte budsjettforslaget frå Høgre. I åra framover kjem det til å bli takk og farvel til gode tilbod og tenester rundt om i bygdene. Dei som trur på lovnaden om at Onarheim skule er freda, kjem til å få oppleva at dei økonomiske realitetane innhentar også skulen på austsida. For kor skal kommunen kutta pengar når dei skal finansiera ein ny 1-10 skule til over 100 millionar kroner? Dagens sitjande kommunestyre kan ikkje lova på vegne av dei som sit og styrer om nokre år, og som skal prøva å få endane til å møtast når avdrag på lån skal betalast tilbake.

Endå meir oppsiktsvekkande blir det når me veit at Tysnes kommune ikkje treng 1-10 skule i Våge, fordi me allereie har godt brukande skular for dei minste barna både i Uggdal og på Onarheim.

16. desember skal saka avgjerast i Kommunestyret. Me vil senda ei sterk oppmoding til H og Sp; Det er lov å snu og ta eit nytt standpunkt i saka ♥️

NEI TIL 1-10 SKULE!

IKKJE LEGG NED UGGDAL SKULE!

Underskriftene vil bli overlevert til politikarane i Kommunestyret.