Gangfelt og 50 sone på Haugland og Nordre Haugland
Hallo alle saman, For dykk som ikkje veit kven eg er vil eg gje ein kort presentasjon av meg sjølv. Eg heiter Even Anders Haugland og er oppvaksen på Haugland og har no i sommar flytta til Ørnesvika på Nordre Haugland.
Dei siste år har både eg og andre bemerka at bebuarar som brukar bussen, då spesielt skuleborna, har ingen form for sikker kryssing av hovudvegen (fylkesveg 546) frå dei 2 busshaldeplassane på vegstrekket, dette gjeld då spesielt når dei kjem heim med skulebussen. Dette er noko eg håpar å få Statens Vegvesen til å gjer noko med i form av ein søknad om redusert fart og/eller fartsreduserande tiltak i form av fartsdump og fortgjengarovergang, då vil ein signaturkampanje gjera saka betrakteleg sterkare!
Dei seinaste åra har det vore stor byggeaktivitet i området, noko eg syns er fantastisk kjekt å sjå, men trafikktrykkleiken for kryssing av vegen er noko som ikkje står i stil med antall bebuarar som ferdast her.
I 2010 vart samanhengande gong og sykkelsti heilt frå Storebø og fram til Hufthamar ferdigstilt. Dette var noko som nokre eldsjeler som bur langs vegen hadde kjempa for i lengre tid og til slutt gav pågangsmotet deira resultat. No vil eg gjerne ta på meg ansvaret og prøve å gjer Statens Veivesen oppmerksam på at det fortsatt er forbetringar som må til på vegstrekninga frå Nordre Haugland og fram til Skifteshaugen på Haugland, då dette er ein strekning som no nærmar seg ein befolkning som blir kategorisert som eit tettbygd strøk i henhold til Statens Vegvesens sine eigne retnignslinjer for fartsgrenser.
Eg har vore i kontakt med kommunen og fått rådgjeving der ifrå. Dei fortel at den einaste måten å få dette realisert på er å skrive søknad om fartsreduksjon til Statens Vegvesen, dette har vist seg å ikkje være så lett då vegvesenet fortsatt referere til den flotte vegåhåndboka si kor det er for lite trafikk til å redusere fartsgrensa, men for høg fartsgrense til å få på plass fotgjengarovergong (Forstå det dei som kan).
Eg held difor no på å forberede ytterligare ein ny søknad kor eg ynskjer (og forhåpentlegvis dykk også) at fartsgrensa vert redusert frå ei 60 sone til ei 50 sone slik at me får ei jamn fartsgrense heilt ifrå Nordre Haugland til Storebø, samt få på plass fotgjengarovergangar med fartsdempande tiltak ved dei to busshaldeplassane på strekninga (Ved byggefeltet på Nordre Haugland og busslomma nord for skifteshaugen). Når ein går langs vegen når ferjetrafikken dundrar forbi som verst legg ein fort merke til at bilane ofte har ein fart som er høgare enn kva den gjeldande fartsgrensa er. Dette er noko som kan og bør gjerast noko med før det er for seint!
Om dette er eit tiltak som er ønskeleg for dykk som bur og ferdast langs vegen på Haugland og Nordre Haugland håpar eg å få di støtte på denne underskriftskampanjen!
Dess fleire som viser si støtte dess større vert gjennombrotskrafta vår for å få auka sikkerheita langs vegen!
Med vennleg helsing, Even Anders Haugland
Even Anders Haugland Kontakt personen bak underskriftskampanjen