Djup bekymring for Villreinen på Hardangervidda

Djup bekymring for villreinen på Hardangervidda

Den norske villreinen er unik i Europa, og noko me har eit spesielt forvaltningsansvar for. Storleiken på villreinstamma er pr d.d. på om lag 6800 dyr, med stort og smått. Bekymringa er difor stor når Hardangervidda Villreinutval kjem med eit kvoteforslag på 7000 bukkekort 2,5 år og eldre, til haustens reinsdyrjakt på Hardangervidda.

Villreinutvalet sitt kvoteforslag har teke utgangspunkt i Mattilsynet sitt behov for CWD-prøvar (chronic wasting disease), for å friskmelde Hardangervidda for Skrantesjuke. Dette er ein sjukdom som me pr d.d. ikkje har noko indikasjon på at er i stamma på  Hardangervidda i det heile.

Det er ingen som er usamde med Mattilsynet om at ein bør samle inn CWD-prøvar av felte reinsdyr, for å kontrollera at villreinstamma vår er fri for Skrantesjuke. Lokal oppslutning blant jegerane om CWD prøvetaking på Hardangervidda er god, og var i fjor på om lag 93%. Det er i alle si interesse at ein set i gang tiltak som kan i vare ta ei høgt verdsett villreinstamme. 

Mattilsynet ynskjer innan kortast mogeleg tid å oppnå eit tryggleiksnivå på 99% på at sjukdomen ikkje har spreidd seg til Hardangervidda. Dette vil krevje eit uttak av 1800 vaksen bukk komande jaktsesong, og tilsaman 2300 vaksen bukk over 2 år. Dette sjølv om villreinstamma på Hardangervidda innheld i beste fall om lag 2400 bukk.

Mattilsynet har varsla at det er aktuelt med eit statleg uttak vinteren 2019/20, dersom det ikkje vert samla inn nok prøvar frå felte dyr i ordinær jakt i 2019.

Me meiner:

- Uttaket av CWD prøvar må skje over lengre tid, og under ordinær jakt! Dette gjer at ein kan behalde bestandsforvalninga og samstundes stette krava om CWD prøvar.

- Bukkane har viktige funskjonar i flokken, så det å ta ut om lag all storbukk over kort tid er uforsvarleg! Skal ein oppretthalde ei sterk og velfungerande stamme, bør ein strebe etter å skape balansen mellom simler og bukk.

- Alle partar bør strebe etter å skape tillit og gode samarbeidsforhold mot eit felles mål, som me som nasjon har forplikta oss til, utan å setje villreinstamma på Hardangervidda i fare!

- Vinteruttak (motorisert uttak) er i strid med Dyrevelferdslova §12, der ein er forplikta til å velgje dei mest skånsame metodane ein har moglegheit for. Å jaga på villreinflokkar vinterstid er heilt uakseptabelt! Dei vert utsett for ei stor påkjenning i ei tid på året der dyra er svært sårbare, og det nærmar seg kalving.

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Hildegunn Espe kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Facebook