Vi vil behalde legekontoret i Geiranger
Underskriftene per 23.01.23 er sendt inn til Stranda Kommune. Kampanjen vi likevel stå open om fleire vil signere, i tilfellet det ikkje skulle føre fram til nokon rekasjon i denne omgang. Tusen takk for alle underskrifter som har kome inn til no.
Om kampanjen:
Det er gjort et vedtak i kommunestyret i Stranda Kommune om at Geiranger Legekontor blir lagt ned frå 01.02.23. Dette får store konsekvensar for alle som bur og besøker Geiranger. Legekontoret i Geiranger har vore eit tilbud heilt tilbake til 1930-talet, og med dette vedtaket har Stranda Kommune frarøva velgarane sine eit viktig tilbod som opprettheld helse, trivsel og vekst i bygda. Vedtaket har skapt utryggheit blant både lokalbefolkninga i bygda og pårørande til bebuarar i bygda. Spesielt berører dette dei eldre og dei med behov for regelmessig oppfølging av lege.
Denne underskriftkampanjen er ein protest mot dette vedtaket. Det er også lagt ut ei liste på Joker Geiranger, for dei som ønsker å signere der.
Liv Johanne Solhaug Kontakt personen bak underskriftskampanjen