Ungdommmen seier NEI til vindkraft på Bremangerlandet

Dette er ei underskiftskampanje for ungdom og unge vaksne som er i mot vindkraftutbygging på Bremangerlandet.

Det er viktig at vi unge også engasjerer oss og seier ifrå om at ei slik utbygging er direkte uønska. Utbygginga er ikkje bærekraftig, den vil øydeleggje store naturområder som i dag er populære og uerstattelege turmål. Dette er eit mykje nytta turområde for rekreasjon for lokalbefolkning og tilreisande. Denne naturen har sin eigenverdi og turistar reiser langt for å oppleve dette. Ein vindturbinpark i dette området er ikkje forenlig med ei slik naturoppleving. Utbygginga vil øydelegge store områder med urørt og svært vakker natur. Støy mot nasjonale friluftsverdiar som stien til Vetvika er i høgaste konfliktnivå i nasjonale retningslinjer for lokalisering av vindkraftverk. Støy vil også vere ei plage for innbyggjarane i dette området og vil påverke livskaliteten deira. 

Plasseringa av vindturbinparken er i stor konflikt med trekkande fugl, den er nemleg plassert midt i ruta til eit fugletrekk av nasjonal og internasjonal betyding. Desse fuglane er forvaltningsprioriterte og fleire er raudlista artar. Området som utbygginga er planlagt i består av store terrengdekkande myrområder, og desse vil bli nedbygt. Utbygginga vil føre til store utslepp av Co2 og svekke naturens eiga evne til å binde karbon naturleg. Myrene samlar også nedbør og er med på å dempe flaum. Å dempe flaum vil ikkje bli mindre aktuelt med åra som kjem, når vi ser at klimaendringane vil føre til at Bremanger får auka nedbør. 

Vi bryr oss om naturen på Bremangerlandet, miljøet, dyrelivet og naturmangfaldet. Vi seier NEI til vindkraft på Bremangerlandet.Bilde12.png


Marte Strømmen Nygård og Vilde Nesbakk    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Marte Strømmen Nygård og Vilde Nesbakk fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...