Stopp arbeidet med oppvekstsenter i Flåm

Det er komme tilbakemeldinger om at det trengst ei underskriftskampanje i kommunen mot oppvekstsenter i Flåm. Dette skal kommunestyret ta avgjerdsle om 18.desember. Det er fremja forslag i formannskapet om å Halde på same struktur som er i dag, altså barnehage i Flåm og skule for 1. - 4. Klasse i Flåm, men der dei er idag. Å bruke 34. Millioner på eit oppvekstsenter idag der mange av elevene som krinsar til Flåm skule allerede søkjer om å få gå på ABU virkar for meg merkelig. 

Utklipp av tekst frå saka i Sogn Avis der Therese Turild har uttalt seg"

"Oppvekstsenteret i Flåm er den desidert største investeringa administrasjonen no tilrår å gjera med ein sum på 34 millionar kroner.

– Eg meiner det er uansvarleg bruk av pengar. Det er ikkje forsvarleg å driva ein skule med så lite elevar, seier ho til Sogn Avis og viser til at fagfolk kom til same konklusjon i utgreiinga som vart gjort i 2022."

" Totalt er det lagt opp til investeringar på nesten 100 millionar kroner og eit låneopptak på 40 millionar kroner.

– Me må skuva på andre ting som vil gagna fleire innbyggjarar. Til dømes kulturstova på AIS (Aurland idretts- og samfunnshus), gangbru i Flåm som er eit viktig trafikktiltak, og ikkje minst vedlikehald på kommunale bygg som me har eit enormt etterslep på, men som politikarane masar om kvart einaste år. Kommunen har i dag ei enorm gjeld, og me må prøva å ha fokus på å ta den ned, meiner Turlid.

Ho viser også til folketalsutviklinga i kommunen. Framskrivingane viser at talet på personar over 67 år aukar med nær 20 prosent fram mot 2035, medan gruppa over 80 år veks med over 50 prosent. I same periode går talet på barn i barnehagealder ned med rundt 13 prosent."

https://www.sognavis.no/vil-stryka-planane-om-oppvekstsenter-uansvarleg-bruk-av-pengar/s/5-115-1374956

 

I mine auge må me sei ifrå til kommunestyret kva innbyggjarane ynskjer å bruke peng på, me har ikkje den økonomien me ein gong hadde og dersom oppvekstsenter blir ein realitet vil det stoppe andre viktige investeringer dei komande åra. Faren er at Flåm skule vil legge seg ned sjølv etter det er investert ein stor sum pengar og kommunen sitt att med endå eit bygg som ikkje blir brukt. 

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Hege Loven vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 3000 personer.

Lær mer ...