Opprop.net

Nei til Heiane Sør Næringsområde(Stord)! Bevar regnskogen!

N Naturvernforbundet på Stord v/ Tor Christian Hestenes · NO

Signeringer (247)

I kommunen sin arealplan som er på høyring fram til 10. juli 2026, ligg det no forslag om å gjera eit område kalla Heiane Sør om til næringsareal. Her er det først og fremst unik kystregnskog, men også andre verdifulle naturtypar. Dette er i strid med adminstrasjonen sine tidlegare anbefalingar, faglege råd og protestar frå ulike organisasjonar.

Kystregnskogen er ein sjeldan og trua naturtype som me har eit globalt ansvar for å ta vare på. Området er også viktig for friluftslivet både no og for framtidige generasjonar. Det finst nok næringsareal andre stader i kommunen, og det bør i tillegg skje ei fortetting på eksisterande næringsområde. Når skogen er hoggen, kjem naturen aldri att. Et slikt næringsområde vil òg forringa skogen på heile Digernes-halvøya.

Me oppfordrar politikarene og byråkratane til å ta dette området ut av planen og tilrår at det heller blir vurdert som naturvernområde, kanskje gjennom frivillig skogvern.

Naturvernforbundet på Stord

Del denne underskriftskampanjen

Hjelp denne underskriftskampanjen å få flere signaturer.

Lim inn lenken i en melding og send den til venner som kanskje vil signere.




Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 3,000 personer. Lær mer ...

Velg budsjettet ditt
Betalingsmåte
PayPalGoogle PayApple PayMobilePayKredittkort