Opprop om opningstid i barnehagane i Ullensvang
Til administrasjonen og politikarane i Ullensvang kommune.
Dei kommunale barnehagane i Ullensvang har fått ei opningstid på ni timar per dag. Vi som skriv under på dette oppropet, ber om at ordninga blir teken opp til ny vurdering.
For dei fleste familiar er barnehagen heilt avgjerande for å kunna kombinera arbeid og familieliv. Ullensvang er ein stor og langstrakt kommune, og kvardagen ser svært ulik ut avhengig av kvar ein bur og arbeider. Lange reisevegar, pendling, skift- og turnusarbeid og avhengigheit av ferje gjer at ni timars opningstid kan vera for lite – sjølv om barnet ikkje er i barnehagen heile opningstida. Nokon kan vera avhengig av kva tid barnehagen opnar, mens andre kan vera avhengig av kva tid den stengjer. I dag er det også mange som ikkje har ein annan vaksen å dele henting og levering med, og det vert ekstra sårbart for dei. Å legge opp til at kvar barnehage skal bestemme tidspunkt for opne- og stengjetid, er å setje dei ulike foreldra sine behov opp mot kvarandre.
Lik opningstid betyr ikkje nødvendigvis eit likeverdig tilbod når føresetnadene er ulike. Når kvardagen ikkje går opp, kan konsekvensen vera at foreldra må redusera stillinga si. Det kan få store økonomiske konsekvensar for familiar som allereie har lite å gå på – og i verste fall bidra til å auke barnefattigdom, som allereie er eit aukande problem i Ullensvang kommune. Redusert opningstid påverkar familieinntekta og kan få konsekvensar for likestilling, pensjonsopptening og deltaking i arbeidslivet.
Vi meiner derfor at kommunen også må synleggjera kva ein faktisk sparar på ni timars opningstid, sett opp mot konsekvensane for familiane, arbeidslivet og eventuelle tapte skatteinntekter.
Vi ber administrasjonen og politikarane om å:
-
ta ordninga med ni timars opningstid opp til ny vurdering
-
kartleggja det faktiske behovet ved dei ulike barnehagane
-
vurdera meir fleksible og lokalt tilpassa opningstider, mellom anna ut frå reiseveg, ferjeavgangar, skift- og turnusarbeid
-
vurdera konsekvensane for familieøkonomi, arbeidsdeltaking og likestilling
-
synleggjera den reelle økonomiske innsparinga ved dagens ordning
Skal Ullensvang vera ein attraktiv kommune å bu, arbeida og etablera familie i, må barnehagetilbodet fungera i kvardagen til familiane som er avhengige av det. Hugs at fleire av foreldra også er sentrale brikker for å halda fulle opningstider og nødvendig bemanning i helse-, oppvekst- og andre sentrale tjenester for og i Ullensvang kommune!
Vi ber særleg kommunestyret og politikarane om å setje seg inn i saka og vidare stille krav til opningstider for barnehagane i Ullensvang kommune slik at administrasjonen må ta hensyn til dette i vidare drift.