Slå ring om Valestrand oppvekstsenter!
Ein ekstern rapport bestilt av kommunen føreslår nedlegging av skulen i Valestrand.
Innsparingane er smular samanlikna med det tapet ei nedlegging av skulen vil medføre for bygdesamfunnet vårt.
Skulen er sjølve livsnerven i Valestrand. Skulen har trygge, fornøgde elevar og dyktige, engasjerte lærarar. Gjennom oppvekstsenteret får barna trygge oppvekstvilkår og eit godt læringsmijø, der barn leikar saman på tvers av alder, og der oversiktlege forhold gjer at problem raskt blir fanga opp og tatt tak i.
Skulen er ikkje berre ein viktig møteplass for heile bygda, men er òg avgjerande for tilflytting til Valestrand, og dermed avgjerande for framtida vår her.
Ved å signere oppropet er du med på å slå ring om den viktige skulen vår!
FAU Valestrand oppvekstsenter Kontakt personen bak underskriftskampanjen