Redd matjorda på Re/Svertingstad

Slaget om Re står no (lesarbrev publisert i Jærbladet 21.8.2020)

Jærbuen har levd og dyrka jordene på Re og Svertingstad i fleire tusen år. Her bur og dyrkar jærbuen ennå. For her var og er den beste jorda.

Time kommune og private utbyggjarinteresser ønskjer no å setja eit punktum for denne historia, så vel som for framtidig matproduksjon i det 150 mål store området. Seinast i desember 2019 stadfesta kommunestyre tidlegare vedtak om Re og Svertingstad som utbyggingsområde, då dei godkjente arealdelen av Kommuneplan for 2018-2030.

Når me veit kor stort presset på landbruksareala er, tykkjer me at desse planane går over grensa for det sømelege. Over éin million dekar dyrka og dyrkbar mark er bygd ned i landet sidan andre verdskrig. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå har Time kommune omdisponert 4029 dekar jordbruksareal sidan 2005. Me snakkar om ein samfunnskritisk, avgrensa og ikkje-fornybar ressurs. Slik kan det ikkje halda fram. Me manar derfor til omkamp for matjorda.

Den kan verka uskuldig, men samarbeidsavtalen med den private aktøren som ligg på bordet i Utval for lokal utvikling komande torsdag, marker startskotet for ein reguleringsprosess som kan endra Re og Svertingstad for alltid. Med mindre politikarane i Time vaknar, snur og let vera å inngå avtalen.

For korleis vil me at Jæren skal vera? Kva treng me, i lengda? Produktive åkrar eller meir asfalt, fleire lagerbygg, bil- og båtbutikkar, slik kommunen vil opna for?

I planverket er Re og Svertingstad delt i tre område. NB1, NB2 og NB3. NB 1 og 2, som ligg godt inne på åkrane, lengst frå Jærvegen og Brøytvegen, skal ikkje byggjast ned før etter 2030. NB 3, derimot, ligg i krysset mellom dei to travle vegane, og kan byggast ned så snart ein såkalla områdeplan er på plass. Ein slik forpliktande reguleringsplan kan vera i hamn alt på denne tida neste år.

Difor hastar det. Om politikarane i Time ikkje berre held oss for narr med fine ord om jordvern, om dei ønskjer å leva opp til statusen dei har gitt Bryne som landet sin jordbrukshovudstad, ja, då er tida inne for å bevisa det.

Me ber kommunen seia nei til samarbeidsavtalen torsdag. Me vil at Re og Svertingstad blir tatt ut av arealplanen ved neste rullering av kommuneplanen, og at området blir lagt attende på jordbrukssida av langsiktig grense for jordbruk.

Politikarar har gjort kloke heilomvendingar før. Ved førre gjennomgang av kommuneplanen i Randaberg flytta politikarane over 400 mål fulldyrka jord over på jordbrukssida av den langsiktige grensa. For framsynet sitt vann dei Jordvernprisen 2019.

Til grunn for snuoperasjonen la Randaberg vekt på ny kunnskap og auka folkeleg medvit om jordvern. På torsdag kan politikarane i Time kommune visa at dei under korona-pandemien har erkjent kor viktig det er med høg sjølvforsyningsgrad. Dei kan ta konsekvensane av det faktum at jorda på Re/Svertingstad er av ennå betre kvalitet enn den som vart berga i Randaberg. Og dei kan visa at dei har tatt til seg klimavitskapen som seier at det truleg blir ennå meir utfordrande å produsera mat fram mot og etter 2030, og at me difor treng all den jorda me har.

Men kva med føreseieleg vilkår for næringslivet, vil somme med god grunn innvenda. Kva med behovet for arbeidsplassar? Til dei er vårt svar: Visst treng næringslivet føreseielege ramer. Og visst treng me alltid arbeidsplassar, ikkje minst når automatisering og kunstig intelligens set mange arbeidstakarar på porten­­. Men i eit land med berre tre prosent dyrka mark kan ikkje svaret lengre vera å bygga ned stadig meir av matjorda.

Arbeidet med ny Regionalplan for Jæren har avdekka at det alt er sett av over 20 000 dekar jordbruksareal til utbyggingsføremål i regionen. Utbyggingskapasiteten er dermed stor. Så stor, at me med smartare areal- og fortettingspolitikk burde kunne ta ut att den beste matjorda frå planane. Me korkje treng eller ønskjer eit nytt forbruksdrivande og bilbasert Forus på Bryne. Det er rett og slett dårleg arealpolitikk.

Det avgjerande slaget om Re/Svertingstad startar altså torsdag. Er me seint ute? Ja. Respekterer me dei demokratiske prosessane som er lagde til grunn for arealdisponeringa? Ja. Men me har nok vore naive. Me har stolt for mykje på politikarane sine ord om jordvern. Håpa, kanskje, at Bondelaget eller Jordvernforeninga stod i bresjen med større engasjement.

Så kjære kommunepolitikar. Tenk deg om. Det er inga skam å snu. Me oppmodar alle innbyggjarar i Time som ønskjer å bevara matjorda på Re og Svertingstad om å ta kontakt med politikarane i Utval for lokal utvikling. Så snart som råd, og før dei møtest torsdag ettermiddag (27.8.2020).

FRIST FOR SIGNATUR: Onsdag 26.8. kl. 23.59


Bothild Å. Nordsletten, Tarald Oma Sr.    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Bothild Å. Nordsletten, Tarald Oma Sr. fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...