Nei til "terrorsikring" og masseturisme på Sæbø.

Ja til lokalt forankra og unikt reiseliv på bygda sine premissar.

Kommuneadministrasjonen planlegg å leggje til rette for internasjonale anløp ved ei ISPS-sikring av den kommunale skyssbåtkaia på Sæbø, ei såkalla terrorsikring. Dei skriv at sikringa skal vere på 3x3 meter med port og vakthald. Her skal gammeldags masseturisme gjennomførast med grupper på anslagsvis 50-200. Så kalla explorer-cruiseturistar skal gå i land, vandre rundt på Sæbø eller bussast vidare. Vi seier nei til å gjere Sæbø sentrum om til ein omlastingsstasjon for gruppeturistar. Reiselivet i Hjørundfjorden skal byggje på det unike og eksklusive og vere lokalt forankra, med overnatting, servering og opplevingar tilpassa bygda, og som gir verdiskaping til det lokale reiselivet. Vi ynskjer gode turistopplevingar for alle som vitjar Sæbø. Ei ISPS-sikring av kaia opnar derimot for det motsette, med grupper som stoppar for eit kort opphald og legg att minimalt med verdiar, der inntjeninga går til Hurtigruten og andre store aktørar. Dette vil vere til belastning for lokalbefolkninga og vere ein negativ faktor for mange tilflyttarar/tilbakeflyttarar. Det kan også slå negativt ut for Hjørundfjorden som reiselivsdestinasjon. Ei slik auke i volum kan skape dårlegare opplevingar for dei som overnattar og vil besøke Sæbø som den levande landsbyen den er, utan overturisme. Vi er urolege for at denne satsinga kan slå negativt ut for våre lokale aktørar, som i årevis har kjempa i motbakke, og skapt eit levebrød av ingenting - som våre forfedre. At satsinga på noverande tidspunkt ikkje har fått med seg nokon av dei flotte og lokalt drivne hotella, utestadane, campingplassane eller serveringsstadane vi har i fjorden, gir grunn til å spørre kven satsinga er for, og kven sine premiss som er førande for utviklinga av fjorden. Denne satsinga manglar lokal forankring. Vi er urolege for at den har feil fokus, både for dei mange besøkjande og for dei som skal flytte til denne herlege bygda. Vi vill vere progressive, ekte og relevante. Vi ynskjer å satse på turismen, men på fjorden og dei lokale sine premiss. Vi ber kommunen stoppe opp, ta ein fot i bakken, og hindre at fjorden blir styrt ovanfrå og ned.  

jajaaj.jpgfoto 62 grader nord

 

Start på 8.50 i denne videon for ein innføring for turister på Urke  (grinesmilefjes)
  


Jan Arve Rekkedal, Frida Gillberg, Kay Are Urkegjerde og Arnar Gjerløw Holen    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Jan Arve Rekkedal, Frida Gillberg, Kay Are Urkegjerde og Arnar Gjerløw Holen fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...