NEI til rasering av dyrka/dyrkbar mark og nedlegging av gardsbruk

rasingavgard.jpg


HJELP OSS Å PROTESTERE MOT EIT KOMMUNESTYREFLEIRTAL I UTAKT
MED SITUASJONEN FOR MATTRYGGLEIK I BÅDE INN- OG UTLAND

Norge treng alle gardsbruk i drift.
Desse har forvalta det dyrka arealet og utmarka i det vakre landet vårt, men alt oppstyret rundt jordbruksforhandlingane viser eit landbruk i krise.
Kva skjer framover?
Kven blir den neste som må gje seg for overmakta?

For å få norsk mat på bordet i framtida treng vi bøndene hjelp til å ta vare på den dyrka og dyrkbare jorda som vi har igjen i dag.

Vi vil på det sterkaste protestere på utvidinga av Mosmarka-bustadfeltet mot Fremre Mo (B10) i Ørsta kommune. Denne utvidinga medfører nedbygging på godt over 200 da dyrka og lett dyrkbar mark, samt ein samleveg gjennom fire gardstun. Samlevegen vil sette ein rask og effektiv stoppar for landbruket på Fremre Mo for all framtid, uavhenging av utbyggingshastigheit for bustadfeltet.
tre av desse bruka driv landbruk med dyrehald i dag, det fjerde planlegg ny oppstart.

Senterpartiet i Ørsta vil ofre over 200 da dyrka og lett dyrkbar mark til bustadfelt.
Ørsta kommune har lenge vore i versting-skiktet ang. nedbygging av dyrka mark i Møre og Romsdal fylke. Ørsta kommune har ordførar frå senterpartiet, og senterpartiet er det suverent største partiet i kommunestyret. Det er vanskeleg å forstå korleis leiinga i senterpartiet i Ørsta framleis kan forsvare og bevisst arbeide for nedbygging av så mykje matjord slik situasjonen for mattryggleik har utvikla seg både nasjonalt og ute i verda.

Volda Elektriske Mylne (Mylnå) – landets siste gamle bygdemølle med kontinuerleg matmjølproduksjon på utstyr frå 1930-talet – ligg i Volda sentrum. Denne mølla er sterkt knytta til eit av dei fire gardsbruka, og har i tillegg til maling av matkorn også utvikla teknikkar til å male næringsrike vekstar frå skog og beite (chaga, seljeblad, mm) til fint mjøl, som i hovudsak går til helsekost- og bakeribransjen. Dette er svært viktig i ei tid med reduserte matkornavlingar nasjonalt og internasjonalt. Ei rasering av landbruket på Fremre Mo, og ein vanskelegare tilgang på matkorn framover, vil bety slutten på denne kulturskatten.

Hjelp oss med å sette ein stoppar for denne skremande utviklinga. Norge treng bonden, og no treng vi deg!

Hjelp oss og signer.
Del

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Janne Moe fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.








Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...