Nei til Klubben II

Lidaveten.jpg

I desse dagar ligg detaljreguleringsplanen for Klubben II ute til høyring. Volumet som ein legg opp til å ta ut no er nær ei femdobling i høve det restvolumet som var stipulert då gjeldande plan var utarbeidd (220 000 m3), og nær ei dobling av det totale volumet som er teke ut sidan massetaket var opna (om lag 510 000 m3). Totalt er det snakk om eit uttak på om lag 1 million m3. KA Aurstad AS vil senke det meste av neset ned til kote 3.

Klubben ligg bokstavleg tala midt i hjartet av Ørstafjorden. Klubben II blir eit uoppretteleg inngrep som blir svært synleg i innseglinga av Ørstafjorden mot den kvite byen. Det er på linje med det å fjerne ei framtann. Det er eit skot rett i hjartet!

Har du Klubben i hjartet? Les Roar Hagen si meining HER!

Det må finnast andre alternativ enn Klubben for massetak.
Hjelp oss i kampen, sei nei til Klubben II og skriv under dette oppropet!

Høyringsfristen var 27. juni, men kampanjen held fram gjennom sommaren til ny politisk handsaming finn stad. Første del med 475 digitale og 160 underskrifter på papir vart overlevert kommunen 29.juni med lokalavisene til stades. 

VIKTIG! Berre ei underskrift per mailadresse vert godkjend.

Sjekk gjerne om du finn namnet ditt på lista (Signeringer) og ta kontakt med Aud (adm) om ikkje, så kan vi sjå på det i lag.  Eg får fram alle namna!