Nei til høghus i Rotsetfjøra!

Rotset.jpgPå torsdag skal kommunestyret handsame reguleringsplanen for nedre Rotset. No er siste sjanse til å seie kva du meinar om bygging av høghus i Rotsetfjøra.

Mange av oss har protestert mot planane om å bygge blokker i fem etasjar i Rotsetfjøra gjennom fleire høyringsrundar. Vi har hatt forskjellige innfallsvinklar og mange ulike argument, men opplever ikkje at vi vert høyrde.

Dette angår alle oss som bur i Volda og korleis vi vil at Volda skal sjå ut. Vi ønskjer ikkje høghus i fjøra. Enten du kjem sjøvegen eller landevegen til Volda, vil desse blokkene vere dominerande. Vi vil ikkje ha det slik. Vi trur ikkje bygging av blokker i fem etasjar i fjøra, vil gjere Volda til ein betre plass å bu. Høghus i fjøra vil verken gjere nedre Rotset eller Volda vakrare, tvert imot.

Det er eit stort ansvar å sitte i kommunestyret og ta denne avgjerda, som vil ha betydning for korleis Volda skal sjå ut i generasjonar framover.

Vi ber kommunestyret redusere talet på etasjar frå fem til tre. Det handlar om å ta vare på noko av det som gjer Volda til Volda!  


Jørgen W. Lyngvær, Tove A. Hjellnes, Ingrid Opedal    Kontakt personen bak underskriftskampanjen