Nei til halvering av tilbodet ved Villmarkslinja!

Politikarane i Hovedutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune føreslår å halvere talet på elevar ved villmarkslinja på Voss VGS frå hausten 22/23. 

Villmarkslinja har i år det nest høgaste søkjartalet sidan oppstarten av linja i 2003, med 54 søkjarar som har dette studietilbodet som sitt 1.val. Dersom det blir justert ned til 1 klasse, er det svært mange 10.klassingar ikkje kjem inn på det studiet som dei har jobba hardt for å kome inn på. 

Villmarkslinja er ei t

reåring naturbrukslinje ved Voss vidaregåande skule. Gjennom å bruke naturen som klasserom får elevane ein praktisk og aktiv skulekvardag og ein annleis veg til studiekompetanse. 

Det vil vere svært synd om tilbodet blir redusert og mange elevar misser moglegheita til kome inn på dette fantastiske studieløpet! 

 

villm1.jpg


Terkel Abbedissen, Voss VGS Elevråd    Kontakt personen bak underskriftskampanjen