NEI til etablering av oppdrettsanlegg av tare og blåskjell Toneset/ Verno / Reksteren (Tysnes) !!

 

Korleis kan det då være mogleg å leggje anlegg av slike dimensjonar i eit særlig vernet LNF-område??

Det er sjølvsag bra med å få etablert nye arbeidsplasser! Men området det her er snakk om, er allereie i dag sterkt forulempa av fleire andre større oppdrettsanlegg, som både forureinar nærområdet og har øydelagt fiskemoglegheiter.  Det må då kunne finnast andre områder på Tysnes der ein kan plassera et såpass omfattande tiltak ??

 

Å kunne sjå ting i ein større samanheng er viktig, og å stille spørsmål som

  • Kva tilfører dette eigentleg lokalmiljøet?
  • Kven er det som eigentleg tener eigentleg mest på dette ?

 

Dette er eit sjeldant og særeige naturområde som må bevarast, slik at og framtidige generasjonar kan få oppleve !!

Så, TAKK for at du vil ta deg tid til å signere her og støtte denne protesten mot etablering av endå fleire oppdrettanlegg i eit svært sårbart miljø !!

 

Området er i kommuneplanen definert som AFFNF (Akavakultur, ferdsel/fiske/naur-og friluftsområde), eit fleirbruksområde der dei nevnte bruksomådar er likestilde. I kartlegging og verdisetting av friluftsområde i Tysnes datert 29.11.16, ref. 22 har Vernøyaene-Hopsundet fått kategori A, det vil seie et svært viktig friluftsområde og strandsone med tilhøyrande sjø og vassdrag. Ein slik inngripen vil få konsekvensar ikkje berre for dette området, men for heile Reksteren. 

Oppdretts-anlegget det er søkt løyve om, er på 120 mål og har forankringspunkt som strekkjer seg over heile ”sjøbasenget” mellom Toneset og Verna-neset ( sjå kart).   Et løyve til å etablering av slike anlegg vil øydelegge området og sjøbassenget som et fleirbruksområde kor ferdsel/fiske/natur-og friluftsområde vil bli fullstendig tilsidesett. Dette kan ikkje sjåast på nokon anna måte enn at det kjem i strid med Kommuneplanen? 

 

Det kan og stillast spørsmålsteikn til sjølve prosessen rundt søknad om dette løyvet, både når det gjeld informasjon til grunneiere og andre som vil bli sterkt berørt av dette, men og at å legge noe slikt ut på høringsfrist i fellesferietid ( 2. august) ... 

 

Skjermbilde_2017-08-01_kl._13_.58_.17_.png

 

Link med info frå Tysnes kommune: 

http://www.tysnes.kommune.no/offentleg-hoeyring-soeknad-om-loeyve-til-oppdrett-av-blaaskjel-og-tare-toneset.6010595-312078.html

 

 


ELLER

Din e-postadresse vil ikke bli publisert på vår side. Uansett, så vil forfatteren av underskriftskampanjen se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. Vennligst sjekk innboksen din (og søppelpostkassen).
Facebook