Misnøye med høringsforslag fra Kolumbus om rutetilbud i Lysefjorden

Kommentarar til Kolumbus sitt høyringsforslag om ferjedrift på Lysefjorden

Da var Kolumbus ute med sitt høyringsforslag om framtidas ferjetilbod på Lysefjorden. Dette ble som frykta eit forslag som går hardt ut over dei lokale, hyttefolk, og dei som jobbar i fjorden.
Det som i praksis skjer er at dagens tilbod, som eigentleg fungerer bra og dei fleste er fornøyd med, blir ofra for at ingen til nå har klart å driva ei kommersiell turistrute i sommarmånadane.

Det legges fram et ønske om ei ferje som, etter min erfaring, i praksis er uløyseleg med tanke på kombinasjonen av kapasitet/hastighet/utslipp og evne til å manøvrere.
Lysefjorden Utvikling og Kolumbus prøver å byggja eit "luftslott" som ingen vil ha.

Pkt 4.2 Materiell

Fart: Det stilles krav om maks tid frå Lauvvik til Lysebotn på 1 time 45 min inkludert 3 anløp, det vil sei ein auking på litt over 50% frå dagens tid. Dersom ein reknar at desse 3 anløpa tar i snitt 3 min kreves en fart på ca 15 knop for å klare dette. Dersom ein skal holde rutetida ein sommarsdag med 8 anløp, diverse last, hundrevis av turistar som skal teljast når dei går om bord, så må farten auka betrakteleg. For ikkje å snakka om evt. ladetid som må reknast med i begge endar av fjorden dersom dette skal vera ei nullutsleppsferje.

Kapasitet: Kapasiteten om bord på dagens hurtigferje er stort sett god. Den er ofte full, men det er ein forholdsvis god balanse på kor ofte den går med fullt dekk/tomt dekk. Det er stort sett i påskeferien og liknande, at det kan vera eit problem for folk og bilar då Lysevegen er stengt. Om sommaren er det ofte fullt både med folk og passasjerar, men då er vegar opne over fjella så folk har eit alternativ. Litt av grunnen til at det ofte er fullt om sommaren er at mange reisande vel hurtigferja over turistferja på grunn av at det er eit mykje betre tilbod med tanke på både reisetid og pris.

Utslepp: Lysefjorden er lang og ofte vêrhard. Å manøvrera ei ferje inn til enkelte kaiar krev mykje krefter, spesielt dersom ferja skal bli større og tyngre. Det er stor kontrast frå ei ferjestø på Forsand, til ein liten kai i Kallali.
I tillegg krev elektromotorar store batteripakkar for å ha nok rekkevidde, noko som aukar vekta på fartøyet betrakteleg. Desse batteria skal også ladast opp, det krev tilgang til nok straum i begge endar av fjorden, og ikkje minst tid i ruteplanen til å lada nok.

Det kan vera vanskeleg nok for dagens hurtigferje å anløpe enkelte kaiar i Lysefjorden under tøffe vêrforhold. Ei større, tyngre ferje som skal ha minst mulig utslepp vil mest sannsynleg føra til fleire kansellerte anløp enn før, spesielt vinterstid.

Utan å gå meir nøye inn på detaljer så har eg laga ei liste over forskjellige fartøy som samanliknar dagens heilårsferje, eit fartøy som tilsvarer størrelsen i forslaget, og nokre hybrid/el fartøy.

Fartøy

Tonnasje

Hastighet

Motor

PBE

PAX

MF Lysefjord

267 BT

25 knop

2x749 kW

12

85

MF Utne

1160 BT

12 knop

2x440 kW

40

195

MF Vision of the Fjords(hybrid)

157 BT

19,5 knop - diesel
8 knop - elektrisk

2x749 kW diesel, 2x150 kW elektrisk

0

400

Rygerelektra

449 BT

19,9 knop

2x375 kW elektrisk

0

297

Pkt 4.3 Billettpriser

Det legges opp til at operatør skal kunna bestemma prisar sjølv(til en viss grad). Og det legges opp til forskjellsbehandling, der folk med rabattkort skal kunna reisa med "dagens" prisar etter riksregulativet, men at turistar og folk som ikkje reiser så ofte skal betala dobbel pris. Ikkje ulikt slik det er i dag, der turistar betaler vanleg pris på hurtigferja og rabatt med Kolumbuskort gir halv pris av dette. Og turistar med turistferja må betala over dobbel pris av full pris på hurtigferja.

Pkt 4.4 Frekvens/4.5 Andre praktiske forhold

Antall turar: I forslaget er kravet til antall turar inn fjorden basert på det som er i dag, med et tillegg til krav om 2 turar lørdag i sommarhalvåret og ein tur lørdag om vinteren. Altså liten/ingen forbetring på dette punktet, der behovet eigentleg er størst.

Lørdagsrute er bra, og har vore etterspurt i mange år utan at Kolumbus har vore villege til å betala for det. I tillegg burde det kanskje vore vurdert ei sommarrute med ein ekstra tur midt på dagen i vekedagane, og ein formiddagstur Søndag for å gje folk muligheten for dagsturar.

Tidspunkt for anløp: Tidspunkt for anløp avviker lite fra dagens tilbud, med unntak av morgonturen i vekedagane, der Kolumbus setter krav om ankomst Lysebotn til seinast 08.30. Det vil i praksis gjer ferja ubrukeleg for folk som pendler i fjorden. For eksempel Lyse/Hydro, Statnett osv. Dersom dei ikkje lenger kan nytta ferja vil ein fjerna mykje av heilårsgrunnlaget.

I tillegg:

Sjå for deg at ein fastbuande skal reisa til Stavanger til sin time på sjukehuset:
Avgang Lysebotn 08.30
Ankomst Lauvvik ca 10.15

Ankomst SUS ca 10.45 (dersom vedkommande har egen bil!)
Denne personen har nå max 2 timer og 45 minutter på seg på å få gjort det han/hun skal, og samtidig rekka båten som går inn igjen ca kl 14.00.

Konklusjon:

Ut i frå høyringsforslaget klarer eg kun å trekka fram eit positivt element, og det er lørdagsruta. Noko som folk i fjorden, spesielt turistnæringa har etterlyst i mange år. Ellers er det svært få endringar, på frekvens/tidspunkt, og dei få endringane er utelukkande negative(les tidspunkt for morgonanløp). Når det gjeld materiell er har eg vanskeleg å sjå at ei ferje som Kolumbus beskriver i forslaget, vil dekka alle behov i fjorden. Ei større ferje vil ha problem med mange av dei små kaiane i fjorden, spesielt i vanskelege vêrforhold. Den skal tross alt frakta alt frå pendlarar, fastbuande, fotturistar til Håheller, materialer til Kallali, sauer til Bratteli.

Hovedproblemet om sommaren er at ingen klarer å drifta ei økonomisk forsvarleg ferje for turistar/turbussar/bobilar, litt av grunnen til dette er den høge prisen og den lange seilingstida på dagens tilbod. Ut i frå egen erfaring både i arbeid på MF Lysefjord og i turistinformasjonen i tidlegare Forsand Kommune, både på Forsand og i Lysebotn, kan eg sei at dei turistane som har muligheita til å reisa med MF Lysefjord gjer dette over å reisa med turistferja, både på grunn av pris og tid. Det er i tillegg mange av dei turistane som ikkje har fått plass på MF Lysefjord frå Lysebotn som vel å kjøra tilbake over fjellet framfor å venta på turistferja.

Dette høringsforslaget prøver altså å øydelegga det tilbodet som i dag er foretrukke både av lokale og turistar, og gjera det meir likt det sesongtilbodet som ingen eigentleg vil ha. Me vil ha eit godt tilbod som me kan nytta året rundt, i solskinn og vinterstorm. Dersom Kolumbus verkeleg vil gjera tilbodet betre bør dei heller styrka dagens tilbod med fleire avgangar, om nødvendig bare i sommarhalvåret. Og kanskje vurdera å byggja ein båt for framtida med ein hybrid løysning der den har nok fart og krefter til å oppretthalda dagens tilbod i all slags ver og vind, samtidig som den har mulighet for å gå billegare og med mindre utslepp dei dagane det er god tid og gode forhold.

PS: Eg er skuffa over kor lite lokalkunnskap dei som har skreve dette høringsforslaget har då dei ikkje klarer å stava lokale stadnamn riktig.

Eit godt og interessant tilbod til turistar i Lysefjorden er avhengig av eit sterkt lokalsamfunn, dette forslaget virker i mot sin hensikt med å svekka lokalsamfunnet.