La Halhjem barneskule vere nærskulen vår!

Kjære medborgarar,

Vi må stå saman i ei avgjerande tid for Halhjem barneskule, hjartet i sentrum av lokalsamfunnet vårt. Vi ønskjer å rette merksemda mot betydninga av å bevare denne verdifulle institusjonen, og kvifor det er i alles interesse å bevare den. 

1. Barnets beste

Halhjem barneskule er meir enn berre ein utdanningsinstitusjon. Den representerer eit trygt og kjæleg miljø der våre barn veks, lærer og utviklar seg. Trygt og godt miljø med dedikerte lærarar og andre trygge vaksne gjev moglegheit for personleg oppfølging, og gjev kvar einskilde elev moglegheit til å sitt fulle potensial. Denne unike atmosfæren er uvurderleg for barnas trivsel og læring. Å bevare Halhjem barneskule er å sikre at våre barn fortsetjer å motta den merksemda og omsorgen dei fortjener. 

2. Samfunnsøkonomi 

bevaring av Halhjem barneskule er også ei god økonomisk investering for lokalsamfunnet vårt. Ein velståande og blomstrende skule har ei positiv virkning på lokalsamfunnet på fleire måtar:

- Eigedomsverdi og boligmarked: skular er ofte viktige kriterium for familiar som vurderer å bosetje seg i eit område. Ein velrenommert skule kan auke eigedomsverdiar og tiltrekke seg nye tilflyttarar. 
- Framtidige generasjonar: ein velfungerande skule gjev danning, utdanning og verktøy til kommande generasjonar, som vil vere nøkkelen til eit sterkt og bærekraftig samfunn i framtida. 

Styrking av fellesskap
Halhjem barneskule er hjartet i lokalsamfunnet vårt. Den er ein stad kor foreldre, lærarar og barn samlast for å lære, leike og vekse saman. 

Lat oss saman sørge for at Halhjem barneskule fortsetter å blomstre som ein stad for læring, vekst og fellesskap. Saman kan vi gjere ein positiv forskjell i liva til våre barn og i vårt lokalsamfunn som heilskap. 

Med venleg helsing 

FAU Halhjem barneskule v/Henrikke Lekve Alfarnes 


Henrikke Lekve Alfarnes, leiar FAU Halhjem barneskule    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Henrikke Lekve Alfarnes, leiar FAU Halhjem barneskule vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...