JA til levande kystkultur på Smedholmen!

Vi som skriv under på dette meiner at Smedholmen er ein fantastisk stad for ulike interesser, og ønskjer at Smedholmen Kyst og Naturlivsskule skal få halda fram med å bruka området. 

I over tretti år har dei gitt små og store verdifulle opplevingar her, og det må få halda fram. Faktisk er dette ein tredjedel av tida husa har stått der! Den store båtsamlinga dei har speglar ei anna tid, og bruken av desse og kystsmåbruket illustrerar historia på ein levande IMG_40322.jpgog engasjerande måte.

Venelaget, Terje og Einar sin innsats for å ta vare på bygga med reparasjonar og dugnad gjer at vi framleis kan bruke dei i dag. Fitjar Kommune fekk i si tid Smedholmen for allmennyttige føremål, med særskild fokus på born og unge. Naturlivskulen sin bruk har vore i tråd med dette ønsket, dei har kurs i sjømannskap, segling og båtførarprøve, samt inkludering av mange i bygging, vøling, musikk, historieformidling og kos. Det er umogeleg å halda på utan litt pengar for å drifte og sikkerhetsklarere ei stor skute som Seladon. Komersiell bruk av eit friluftsområde er kanskje ikkje ønskjeleg, men ein kan ikkje påstå dei utnyttar holmen til profitt akkurat... Kva med å heller sjå det som fantastisk marknadsføring av Fitjar og anerkjenne det som ein del av det næringslivet kommunen har som mål å ta vare på?  

Vi meiner at dei ulike interessentane må kunne samarbeide om å nytta holmen og skjærgarden til det beste for folk flest, både til rekreasjon, kunnskapsformidling, kulturarrangement, kurs, leirar, overnatting...: Berre kreativiteten set ein stoppar! Vi ønskjer at Fitjar Kommune og Friluftsrådet skal ta ansvar for vedlikehaldsetterslepet på bygningane no når dei har skaffa 4 millionar til dette, og gjere ei god avtale med Kyst og Naturlivsskulen for vidare bruk av staden. Vi er redd for å miste dei no når det kan bli meir tungvint å drive frå fleire stader samstundes og motvinden har vore sterk i lang tid. Ivrige ungdommar frå Fitjar, Bømlo og Stord er med på tredje året no, og ein ser stort engasjement der. Nokon må ta staffettpinnen vidare, og om Terje og Einar legg inn årene no, er vi redde det er få som kan overta, og at vi får ein fattigare kystkultur i Fitjar og regionen ellers. Har kommunen råd til å miste dei?

 

Håpet med denne kampanjen er å vise at folk bryr seg, og kanskje kan det endra kursen for forvaltninga vidare. Vi håpar på god kommunikasjon mellom aktørane og brukarane av Smedholmen framover. 

Vi trur at sameksistens vil gi god synergieffekt, og håpar å få med oss dei som forvaltar på denne tanken!  

 

 


Julie Odland Skare og Veronica Opsanger    Kontakt personen bak underskriftskampanjen


ELLER

Din e-postadresse vil ikke bli publisert på vår side. Uansett, så vil forfatteren av underskriftskampanjen se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. Vennligst sjekk innboksen din (og søppelpostkassen).
Facebook