Kampen for ein verdig alderdom i Alver

Rådmannen i Alver har foreslått kutt på 66 millionar kroner i helse - og omsorgssektoren fordelt over tre år. For å spare 66 millionar kroner har det blant anna blitt lagt fram forslag om nedlegging og samanslåing av dagsenter/demenssenter, nedlegging av kjøkken og å kutte tenesta med utkøyring av mat til heimebuande. 

For dei demente er faste rutinar og små miljø med trygge rammer viktig. Gjennom det kan dei få oppleve mestring. Å fjerne tilbod og flytte dei frå eit dagtilbod dei kjenner til eit dagtilbod på ein ny stad med mange nye ansikt, tek frå dei rutinar og tryggleik og den mestringa dei gjerne har brukt lang tid på å finne. 

God, næringsrik og innbydande mat er viktig for dei eldre, som for alle oss andre. For mange er det å få mat levert på døra ikkje berre naudsynt, det er også eit høgdepunkt på dagen. På Radøy vert maten utkøyrd og levert av frivillige. Mange av dei er sjølv pensjonistar og finn glede i å kunne yte og bidra på denne måten. Og dei kan ta seg meir tid til ein kort prat når dei leverer maten. Ein vinn-vinn-situasjon.

Dei eldre har allereie eit lite tilbod, og det er trasig om det å få orden på kommuneøkonomien skal gå ut over dei. Det er ikkje rett å gje dei ei så tung bør. Det fortener dei ikkje. Me må gjere noko. Me kan ikkje la dette gå upåakta hen. Ver med og vis respekt for dei eldre ved å signere dette oppropet! 

Kanskje me med dette engasjementet kan ha ein påverknad, slik at administrasjonen kan finne andre løysingar for å rette opp i kommuneøkonomien, og vise politikarane som skal fatte vedtak at me er mange som ikkje vil godta kutt som råkar dei eldre og demente så hardt!

 BeFunky-collage_eldre31.jpg

                                         

Mvh

for aksjonen

Gry Kjersti Birkeland og Wenche Frantzen


Gry Kjersti Birkeland og Wenche Frantzen    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Gry Kjersti Birkeland og Wenche Frantzen fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...