JA til ny skule på Sande i 2020!

Eit opprop til politikarane i Sunnfjord kommune om å prioritere Sande skule i økonomiplanen for 2020-2023! 

Vi kan ikkje vente fire år på ny skule!  

Sande er ein av svært få stader i fylket som opplever ein god befolkningsvekst. Skal Sande halde fram med å vekse, treng vi ein funksjonell skule for 1.-10. klasse som rommar alle borna som ønskjer å vekse opp her.  

Vi krever at Sande skule vert teken inn i økonomiplanen i Sunnfjord kommune frå 2020, på følgande grunnlag:  

1. FOR LITE AREAL: I 2020 vil det ikkje vere nok klasserom til å romme alle elevane på Sande. Det er eit faktum. Vi har stor ei stor auke i elevtal – som er svært gledeleg – men det er ikkje plass til dei på skulen. Dei kommande kulla er ikkje mindre, så det hastar med ei betre løysing.  

2. MANGEL PÅ GRUPPROM/STILLEROM: Lærarane har i dag ingen stader der dei kan ta viktige telefonar med BUP/PPT/andre hjelpeinstansar, eller snakke med elevane på tomannshand, då ein knapt har møterom, grupperom eller stillerom. Dette gjer det vanskeleg å ivareta teieplikt, då slike telefonar må takast i offentleg rom. Rommangelen gjer det også krevande å gje elevar som treng ekstra oppfølging den undervisninga dei har bruk for og krav på. Lærarane er regelmessig på leiting etter rom dei kan nytte, som igjen stel tid frå undervisning.  

3. TEMPERATUR: Om sommaren er klasseromma for varme grunna manglande solskjerming. Om vinteren er dei for kalde, då ein ikkje klarar å varme opp romma med anlegget ein har i dag. På arbeidsromma sit lærarane med boblejakker og ullpledd for å klare å jobbe. Om vinteren ligg ofte temperaturen på arbeidsromma på 18 grader.  

4. INNEKLIMA: Vi har påfallande mange elevar som slit med hovudverk. Vi har elevar med astma som må sitte på særskilde stader i klasserommet, for å få «nok» luft. Vi. har elevar som må ta seg ein «pause» frå undervisninga, grunna tung og dårleg luft. Dårlig inneklima er eit av hovudelementa som Sweco tek opp i sin tilstandsrapport. Sopp, råte, asbest, pcb, mugg er ord som er gjennomgåande i rapporten. Vi er bekymra for at borna våre skal gjennomføre grunnskulen under slike tilhøve, og usikkerheita knytt til langtidsverknadene av å bli eksponert for dette over tid er ikkje akseptabel     

5. GARDEROBAR: Romsituasjonen har ført til at garderobar i dag vert nytta som grupperom, som igjen gjer at 30 elevar får 11 kvadratmeter på deling til garderobe. Korleis påvirkar det inneklimaet at 30 førsteklassingar heng sine 30 våte dressar på 11 kvadratmeter? Kor mykje tid går vekk når 60 elevar skal gjennom ei ytterdør for å komme til timen? Kor mykje unødvendig uro oppstår?  

6. SANITÆRANLEGG OG BASSENG: Delar av sanitæranleggea i 4 av 5 fløyar hastar det med å skifte ut. Ein må stenge toalett, då avløpet regelmessig vert tett. Røyrsystema som tilfører vatn til vaskane på klasseromma i B-, C- og E-fløyen er gamle og tette. Vi er svært glade for at vi har basseng på skulen vår, men også her er store manglar. Tekniske forbetringar kan forlenge levetida med inntil 30-50 år, dersom utbetring kjem tidsnok. Ventar ein for lenge, har vi bassenget i max ti år.  

7. VINDAUGE: Det har forekomme at elevar har blitt våte når dei sit ved vindauga i regnvær. Vindauga (dei fleste frå 1991) har dårleg (ingen) isolasjon, det kjem kald trekk frå dei, og mange er spikra fast for å hindre at dei dett ut. Desse kan ikkje opnast, verken til lufting, eller som brannveg.  

8. ELEKTRISK ANLEGG: Det elektriske anlegget er i elendig forfatning. Det kjem hyppige lekkasjar på taket, som gjer at det elektriske anlegge kortsluttar og ein mistar straum og internett både på arbeidsrom og i klasserom. Dette går igjen utover undervisninga til elevane. I dag deler tre klasserom, tre arbeidsrom og fire grupperom same kurs, og skjer det noko i eitt av desse romma, vert samtlege lamma. Kursane har nådd sin maksbelastning, og dei er ikkje dimensjonert for dagens IKT-behov.  

9. BROT PÅ ARBEIDSMILJØLOVA: Dei tilsette har 18 kvadratmeter arbeidsrom fordelt på fem lærarar. Dette tilsvarar 3,6 kvadratmeter pr lærar, nærast halvparten av minimumskravet til Arbeidstilsynet. Det er ingen møterom og 50 lærarar deler på eit kjøkken på 2 kvadratmeter.  

Sande skule har trass i alt dette klart å gje borna våre ein god læringsarena. Vi har fantastiske lærarar, som fortener all ros for å finne seg i slike arbeidstilhøve. Men nok er nok. Det er grenser for kva ein kan krevje av dei tilsette, og den grensa er for lengst passert.   

Opplæringslova gir alle born lovfesta rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Å utsetje dette i ytterlegare fire år, vil gjere at årets førsteklassingar vil leve på ein byggeplass gjennom heile grunnskulen. Er dette riktig?  

Vi stiller store spørsmålsteikn ved prioriteringane til Sunnfjord kommune. Er det riktig at ein skal setje opp fire idrettshallar og eit badebasseng før ein skal gje 280 skuleborn ein funksjonell og trygg skule? Vi er alle glade for gode idrettsanlegg, men kva kan vente fire år, og kva kan ikkje?  

Ordførar Olve Grotle skriv følgande på Facebook 28. november: Skulane og barnehagane i nye Sunnfjord kommune skal vere mellom dei beste i landet, og noko av det vi skal vere mest stolte av! Vi reknar difor med at Sande skule vert tatt inn i økonomiplanen når den skal behandlast 11.desember, og at arbeidet startar opp i 2020!

Einig med oss? VI set stor pris på di underskrift!

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg FAU ved Sande skule fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...