Ja til ei romsleg hensynsone etter Plan-og bygningslova rundt Klokkarodden-Fikjan og Kviteseid nye kyrkje

Reguleringsplan for Kviteseid sentrum vart vedteke i 2006. Her vart det opna for omfattande massedeponi og utbygging i Sundkilen nedfor Kviteseid nye kyrkje, tett opp til våtmarksområdet Ågapet. Dette på trass av sterke motforestillingar frå næraste nabo (fellesrådet/soknerådet), då dei uroa seg for at planlagt utbygging ville skugge for kyrkja. 

Utbygginga vil også kunne føre til at gang- og sykkelvegen som går gjennom tomta vert "privatisert", og dermed mindre tilgjengeleg for ålmenta. Dette kan igjen få negative konsekvensar for folkehelsa, både iform av mindre turgåing og val av meir usikre vegalternativ (dvs. hovudvegen forbi kyrkja). 

Naturkartlegging i 2009 synte at deltaområdet Klokkarodden-Fikjan (i Ågapet) er ein raudlista naturtype. Denne bør kartleggjast betre generelt, og spesielt dersom det planleggast inngrep. Ved planlagte inngrep i eller ved deltaområdet bør det også lagast konsekvensanalyse. Dette deltaområdet har status som middels berørt i elvedeltabasen, og er allereie under påverknad av m.a.turveg, gapahuk, nedlagt camping og landbruk.

Vi har ei over 100 år gammal unik, vakker steinkyrkje. Vidare kan ein lese av kulturminnesøk (søkeord Kviteseid) at kyrkja vår kan vere bygd på tuftene til ei mellomalderkyrkje. Grunnen som kyrkja står på har difor status som uavklart kulturminne. Underteikna har nyleg vore i kontakt med Den norske kyrkja i Kviteseid, med sikte på å sende førespurnad til Riksantikvar om å få kyrkja og naturmiljøet rundt freda etter Kulturminnelova.

I 2021 tok utbyggjar Morgedal Eigendom AS initiativ til eit prosjekt som omfattar deponering av masser i Sundkilen og bygging av inntil 35 leilegheiter på tomta. Selskapet fekk frist til 1.9.2023 til å oppfylle vilkåra i ei intensjonsavtale. Trass i at fleire vilkår ikkje var oppfylte, skal kommunen ha selt tomta til Morgedal Eigendom AS 31.8.23. 

Byggesaka er no til handsaming hos planavdelinga. Det er usikkert kor mykje dokumentasjon som manglar, før saka vert avgjort. Detaljregulering av området og løyve til deponering av masser (frå Statsforvaltar) synast fortsatt å mangle. Sistnemnte skulle også inkludere grunnundersøkingar..

Underteikna ynskjer med denne kampanjen å synleggjere for kommunestyret og utbyggjar at me er mange som ynskjer å bevare dette området for ettertida. For på denne måte å auke sannsynet for at planmyndigheiten opprettar ei romsleg hensynssone etter Plan- og Bygningslova (PBL). Slik at området rundt Klokkarodden-Fikjan og Kviteseid nye kyrkje vert verna frå nye skadelege inngrep. Ein slik prosess må også handle om å reversere salet av nemnte tomt, og skrinlegge nemnte massedeponi/byggeprosjekt. 

Meir utfyllande informasjon er å finne i underteikna sitt lesarinnlegg i Vest-Telemark blad 6.11.23. Dette ligg også på underteikna si Facebook-side. 


Gunhild Sveinsdotter Breidalen    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Gunhild Sveinsdotter Breidalen fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...