STOPP GRAVINGA – nei til rasering av strandperle i Hareid sentrum!

Quoted post

Hareidstøl

#11 Re: Re: Slutt å syt

2015-06-01 11:14

#10: - Re: Slutt å syt 

Kan du vennligst forklare kvifor denne stranda ALDRI har vorte nytta? Før akkurat NO? No skal liksom alle begynne å bruke den. Då er det visst så viktig at den er sentrumsnær og den har plutseleg fått så stor verdi, som du skriv. Eg er dagleg forbi denne stranda, også om sommaren. Det er absolutt INGEN som nyttar den. Skal barna leike seg og bade så dreg dei fleste inn på Overå. Dette handlar om folk som har sove i timen og som no kjenner at dei får så store "følelsa" for stranda og plutselig vaknar. Så har ein alle som "heng seg på" kvar gong nokon ropar "vern"..... Gjentek: Slutt å syt.

Replies

Hareidstøl

#12 Re: Re: Re: Slutt å syt

2015-06-01 11:17:53

#11: Hareidstøl - Re: Re: Slutt å syt 

 ......og som ein kuriositet kan det også nemnast at gjennom fleire tiår dumpa slaktaren avfallet sitt her. Seinaste åra har der vorte dumpa alt frå septikk til slam...... Bade dei som vil.....

Nina, strandnabo.

#13 Re: Re: Re: Slutt å syt

2015-06-02 07:11:49

#11: Hareidstøl - Re: Re: Slutt å syt 

 Ja, slaktaren som holdt til på hjørnetomta nedom KL-butikken hadde avløpsrør som gjekk rett i sjøen, for monge år sidan. Kommuna har også avløpsrør i hjørnet av stranda nær moloen. Eg personlig har fleire gongar ringt til teknisk etat og varsla om lekkasje der, men også då rørledninga sprakk nokre hundre meter uti sjøen.. Kommuna har lovd utbetring, og det skal vist skje snart. Dei utbetra røra som låg i Soffi-bakken i fjor (eller året før).Teknisk etat sa at no er det røra som fortset nedom Soffi-bakken og over vegen, parkeringa og på stranda som står for tur. Det å tømme kloakk og slam i, på eller ved stranda er miljøkriminalitet. Så eg håper at du ikkje har vore vitne til det. Muleg at du ikkje har forstått kva som skjedde då "slam-tankbilen" stod på parkeringsplassen. Men eg kan opplyse deg at dei som har tømt noko der nede på parkeringa har tømt i "avkomen" som fører "kloakken" i rør midtfjords. No er det også på tapeten at det  planlagte renseannlegget i Hareid kommune skal på plass ovanfor stranda, på marka. Det har vore i kommunens planar i over 40 år. Dersom kommuna hadde rydda opp i kloakklekkasjen tidlegare så hadde stranda vorten meir brukt. Men som nevnt, no er det på gang. Pumpestasjon er under bygging ved ytre moloen slik at kloakken vert pumpa til indre molo for rensing.  Stranda var brukt av borna som voks opp i nærleiken tidlegare!!