STOPP GRAVINGA – nei til rasering av strandperle i Hareid sentrum!

Nina, strandnabo.

/ #13 Re: Re: Re: Slutt å syt

2015-06-02 07:11

#11: Hareidstøl - Re: Re: Slutt å syt 

 Ja, slaktaren som holdt til på hjørnetomta nedom KL-butikken hadde avløpsrør som gjekk rett i sjøen, for monge år sidan. Kommuna har også avløpsrør i hjørnet av stranda nær moloen. Eg personlig har fleire gongar ringt til teknisk etat og varsla om lekkasje der, men også då rørledninga sprakk nokre hundre meter uti sjøen.. Kommuna har lovd utbetring, og det skal vist skje snart. Dei utbetra røra som låg i Soffi-bakken i fjor (eller året før).Teknisk etat sa at no er det røra som fortset nedom Soffi-bakken og over vegen, parkeringa og på stranda som står for tur. Det å tømme kloakk og slam i, på eller ved stranda er miljøkriminalitet. Så eg håper at du ikkje har vore vitne til det. Muleg at du ikkje har forstått kva som skjedde då "slam-tankbilen" stod på parkeringsplassen. Men eg kan opplyse deg at dei som har tømt noko der nede på parkeringa har tømt i "avkomen" som fører "kloakken" i rør midtfjords. No er det også på tapeten at det  planlagte renseannlegget i Hareid kommune skal på plass ovanfor stranda, på marka. Det har vore i kommunens planar i over 40 år. Dersom kommuna hadde rydda opp i kloakklekkasjen tidlegare så hadde stranda vorten meir brukt. Men som nevnt, no er det på gang. Pumpestasjon er under bygging ved ytre moloen slik at kloakken vert pumpa til indre molo for rensing.  Stranda var brukt av borna som voks opp i nærleiken tidlegare!!