STOPP GRAVINGA – nei til rasering av strandperle i Hareid sentrum!

Ei næringsverksemd i Hareid har byrja å grave ut sanden frå sandstranda i Hareid sentrum. Stopp gravinga og raseringa av siste rest av den vidgjetne Hareidssanden, som no vil forsvinne.

I 2007 fekk næringsverksemda tillating frå Hareid kommunestyre til å bygge ut industrieigedommen sin i Hareid sentrum, ved Mylna industriområde. Kommunestyret tok då atterhald om at det vart regulert ei buffersone mellom moloen og industriområdet, då gjerne ei bevaring av strandsona. Dette lova verksemda å etterhalde.

No har verksemda starta å grave opp stranda i Hareid sentrum, med argument at dei treng ein betre innfartsveg til anlegget sitt. I 2012 blei arealplanen i kommunen omrullert, og stranda også inkludert som ein del av industriområdet. Uavhengig av dette bør verksemda halde lovnaden om å behalde stranda i sentrum. Dette er ei strand med sjeldan skjellsand, og eit av få naturområde igjen i Hareid sentrum. Det må finnast ei betre planløysing for verksemda, der stranda blir berga. 

Skriv under dette oppropet for å stoppe gravinga og øydelegginga av sandstranda!

Sjå også Vikebladet Vestposten sin nettartikkel om saka her:
http://www.vikebladet.no/nyhende/article10998174.ece