Nei til kommunesammenslåing Osterøy-Bergen

Kommentar

/ #3

2016-05-03 13:15

Eg trur samanslåing med Bergen kommune vil føre til at Osterøy vil "drukne" i Bergen. Osterøy har ca. 7000 innbyggjarar, Bergen har over 300 000. Kvar vil fokuset då vera? Historisk sett ser ein og at politikarane i Bergen har vald å leggja mest fokus på Bergen. Då Arna vart tvungen inn i Bergen, følte dei at dei ikke vart høyrt skikkeleg. Under ei avstemning nokre tiår tilbake ville 80% av Arnabuere ut av Bergen, men dei fekk ikkje lov. Mange pendlar til og fra Bergen, men det vert ikkje billegare eller kortare dersom kommunane slår seg i saman. Eg trur og samanslåing vil svekke strilekulturen og talemålet. Det har vorte sagt at Bergen skal vera nøytral når det gjeld skriftspråk, dette trur eg vil føre til svekking av Nynorsken. Dersom det skulle verta slik at bokmål i enkelte stader vil vera hovudskriftspråket, trur eg dette enkelt vil gjera at Strilamålet på Osterøy vil forsvinna, noko som er trist både for kulturmangfaldet og dialektmangfaldet. Eg trur dersom Osterøy skal slå seg i saman med andre kommunar, bør det vera kommunar med lik historie og kultur t.d Vaksdal, noko òg trur kan gjera det enklare å forstå kvarandre. Bergen er klart dominerande når det gjeld folketal og styremakt, og eg trur ikkje Osterøy vil verta prioritert dersom kommunane slår seg i saman.