Nei til ulv


Gjest

/ #177

2015-07-31 14:45

Ulv (og jerv og bjørn og gaupe) er - som alle dyr, kvar på sin måte - storslagne, fascinerande og imponerande skapningar. Om ein tek livet av - eller jamvel kvar gong ein observerer - eit slikt dyr, burde ein stoppe opp og symbolsk halde ei stille stund; i respekt, og som symbolsk offer til ein eller annan gud ein trur på, eller til Moder jord.

MEN, det er fullt forsvarleg å sjå for seg Noreg utan ulv. Eg hadde hatt meir respekt for dei som - bortimot fanatisk, ja - vil ha meir ulv i Noreg, om dei hadde ei meir balansert haldning, og om dei viste djupare kunnskap om dei ulike sidene ved problemstillinga rovdyr-beitedyr.

Ulven spelar minimalt viktig rolle i det norske økosystemet, sidan det er norske jegerar som med sitt store uttak, på godt og vondt "foredlar" norske storviltstammer (ulven HAR sjølvsagt ei viktig rolle der det ikkje vert jakta, t.d. i nasjonalparken Yellowstone). Den internasjonale ulvestamma det er snakk om i Noreg, er på ingen måte utryddingstrua, og norske ulvetilhengarar står då att med symbolpolitikk: Dei vil oppleve ulv i norsk natur, om lag som i ein zoologisk hage. For meg er det bortimot opplagt forsvarleg at ulven i Noreg kan vike for andre omsyn.