Bornas tryggleik: Gratis skuleskyss til Aure Barneskule

Me, foreldre og omsorgspersonar på Ytre Fauske og Aursneset, må komme saman for å gjera skulevegen tryggare for våre born. Skulevegen har farlege element som ikkje kan ignoreras. Me krev derfor følgjande av Sykkylven kommune:

Gratis skuleskyss: Våre barn må få retten til gratis skuleskyss, uavhengig av avstanden til skulen og klassetrinn.

Skulevegen for borna på Ytre Fauske og Aursneset har fleire farlege moment. Dei viktigaste faktorane som aukar risikoen for våre born, inkluderer:

1. Trafikkbelastning: Vegen blir særleg trafikkert i rushtidane, før og etter skule. Den høge trafikkmengda aukar faren for ulykker.

2. Manglande trafikksikring: Fauskevegen manglar fortau og delvis gatelys, noko som gjer det farleg for barna å gå langs vegen.

3. Uoversiktlige punkt: Stader som Ullavikkrysset manglar gangfelt, og det er vanskeleg og farlig for barna å krysse vegen.

4. Kagholen-krysset: Ved Kagholen-krysset er det bilar som ventar på kryssande trafikk, og blokkerer gang- og sykkelstien som barna er avhengig av. I tillegg er bakken bratt, noko som aukar risikoen på glatte vinterdagar.

Desse momenta aukar samla sett faren for borna våre på skulevegen. Det er avgjerande å ta desse faktorane med i vurderinga når det gjeld skuleskyss for å sikra barna våre tryggare vegar til skulen.

Di signatur vil visa at du også bryr deg om våre borns tryggleik på skulevegen. Lat oss samla våre røyster og krevja det våre born fortener – ein trygg skuleveg!

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Endre Grøvik fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...