Beholde onsdagsfri for 1. og 2. klassinger i Nord-Fron kommune

                                                                                                                                      Vinstra, april 2023

Ønskje om å behalde onsdagsfri i Nord-Fron kommune Etter gjennomlesing av saksdokumentet 4 eller 5 dagar skuleveke for 1.- og 2. klasse (Journalpost 22/19310) med uttale frå Utval for helse og oppvekst, saksnr. 07/23, og Kommunestyret, saksnr. 21/23, vil vi komme med vårt synspunkt mot denne innstillinga. Vi er 10 mødre til barn med tidlegare, inneværande eller eventuelt kommande onsdagsfri, samla til ein diskusjon der vi samtala om både fordelar og ulemper med dagens ordning, kor samtlege var eininge om at vi trivst svært godt med dagens ordning av fleire grunnar. Det var fleire som ikkje hadde høve til å kome denne kvelden, og som derfor bidreg med si stemme ved digital underskrift på dette dokumentet.

Som det står i saksdokumentet er det i hovudsak mødre som har onsdagsfri, noko som kom godt til syne ved vårt oppmøte denne kvelden. I dokumentet blir mødrene/kvinnene framstilt som lønnstaparar både i inntekt og pensjon, saman med eit argument om at vi i Gudbrandsdalen har mange mannlege pendlarar som ikkje har denne moglegheita til å ta seg fri midt i veka. Vi vil påpeike at det å ha onsdagsfri er i dagens ordning eit val kvar enkelt familie tek, med ein moglegheit om å nytte seg av onsdags-SFO. Ein familie må ta fleire avgjersler i samband med dette, blant anna mindre opptjening av pensjon for den eine parten. I samtala vår kjem det fram at fleire pendlar-fedre kan vera mykje borte i veka med betre samvit fordi mor kan tilbringe ein fridag saman med barnet midt i veka og få eit pusterom frå ein travel kvardag med åleine-ansvar. Ein far har og uttalt at han pendlar gjerne for å tjene meir pengar slik at dei kan ha denne moglegheita i sin familie. Andre mødre seier dei har tilgang til barnepike i form av besteforeldre som gjerne vil ha meir tid saman med barnebarna, men at dei vel å vera heime sjølve for å prioritere samvær med eigne barn. Mange set meir pris på tid saman no medan ungane er små, enn at dei skal sitje att med ein fullt opptjent pensjon som dei kanskje ikkje eingong kan kome så langt at dei kan få nyte når dei blir så gamle.

Mange av oss tenkjer og at dagens ungar lev i ein så hektisk kvardag etterkvart at det er ekstra viktig at vi kan ha moglegheit til å køyre et lågare tempo innimellom. Vi veit at det vil vera store forskjellar i kva denne onsdagen blir nytta til for dei som er heime. Vi har også høyrt ytringar som at «då sit dei heime framfor ein skjerm heile dagen». Vi kan ikkje verken kartleggje eller leggje oss bort i kva den enkelte familie vel å gjere denne dagen, men vi kan berre håpe og gå ut frå at dei vel å ha barnet heime for å vera meir saman med det. I vår samtalegruppe er det fleire fellesnamnarar for kva vi vel å gjere denne dagen, som å sove lengre, ete frukost saman, sjå film saman, gjere husarbeid saman eller medan barnet leiker eller har besøk, ta seg tid til slik som tida ikkje strekk til i ein hekstisk kvardag som baking og ein meir tidkrevjande middag, badeland, vera ute, gjere lekser utan tidspress, besøke biblioteket eller skatepark (betre plass dessa dagane då det ikkje er så mange store der).

Vi opplev mange at barna våre etterspør denne dagen, som «er det fri i dag?», «når er det onsdag?», noko som vi tek som teikn på at dei ser fram til denne dagen. Det hender også at nokon får til svar når dei spør kva vi skal gjere i dag: «kan vi ikkje berre vera heime»?

Vi vaksne som er heime onsdagar tek ofte unna gjeremål desse dagane, som ein tannlegetime for mor eller barn, doktertime, ein tur i banken e.l som ikkje let seg gjere elles i veka og som man vanlegvis må ta fri frå arbeidet for å utføre. Dette vil vera både ein økonomisk og tidsbesparande ordning som vi vonar fleire arbeidsgjevarar set pris på.

Dykk skriv at det let seg vanskeleg gjere å oppnå ein heiltidskultur med onsdagsfri i skulen. Vi er, og kjenner fleire som ikkje ønskjer å arbeide 100% no når ungane er små. Fleire kjenner på at dei treng denne eine dagen å hente seg inn att på om dei skal halde ut resten av veka i arbeid og kunne yte maksimalt den tida dei er på arbeid. Andre arbeider i turnus og har arbeidstid slik at dei ofte ikkje rekk å sjå ungane før dei reiser på arbeid og er kanskje ikkje heime før det er sengjetid. Då er det godt å kunne ha tid saman på dagtid onsdag. Ein av oss fekk til svar ein dag at «dei fleste arbeider jo på dagtid». Slik er det slettest ikkje. Av yrker og arbeidsstader her i Nord-Fron kan vi nemne: Sundheim, hotell, nødetatar, TT, drosje og transport, landbruk, matbutikkar, bensinstasjonar, matservering, Tine (Sør-Fron, men med mange ansatte frå Nord-Fron).

Dykk viser til at «73% av 4- og 5- åringane i Nord-Fron har full barnehageplass inneværande år». Når ungen går i barnehagen vil det vera enklare å ta ut ungen ein dag eller to etter behov, noko ein ikkje kan gjere i skulen. Vi har og pendlarar som ofte tek ut barnet sitt fredagar, men som har full barnehageplass i tilfelle dei må arbeide fredag. Nokon har turnusarbeid og er derfor avhengig av full barnehageplass til tider, men ikkje alltid og kan dermed ta ut barnet når det høver. Vi ønskjer å sjå tal over kor mykje av faktiske plassar som blir nytta fullt ut dersom det foreligg rapportar på dette. Vi erfarar samtidig at ein skuledag krev meir energi og påkopling enn ein barnehagedag, noko vi ser gje meir slitne ungar enn då dei gjekk i barnehagen. Som skrive i saksdokumentet så skriv dykk at det er låge elevtal onsdagar slik at det ikkje er mogleg å tilby berre 100% stillingar. Dette meiner vi tilseier at det er mange elevar som ikkje nytter onsdags-SFO, og at behovet dermed ikkje er stort. Når dykk vidare skriv at «[…]utfordringa finn vi i barnehagane som også treng mindre bemanning onsdagar da fleire barn tek fri denne dagen […]», så viser dykk sjølve til at fleire ungar tek fri onsdagar.

I dokumentet kan vi lese at heildags-SFO onsdagar er eit kvalitativt dårlegare tilbod enn ein skuledag og at det er vanskeleg å innfri Rammeplanen. Vi meiner at det med eit heildagstilbod vil vera betre forutsetningar for å kunne innfri Rammeplanen enn ved 5-dagars skuleveke med berre ettermiddagar. Då har ein jo heile dagar med moglegheiter for lengre aukter/større prosjekt. Vi kan ikkje sjå at målet skal vera at ungane skal vera lengre på SFO ettermiddagar etter skuletid for at Rammeplanen skal kunne innfris. Rammeplanen må vel tilpassast dei tidsrammene som er gitt i fyrste omgang?

Vi vil vise til artikkelen Seksårsreformen 20 år etter, som ser på innføringa, utviklinga og utbyttet av Reform -97, som også hevder at det pedagogiske opplegget på SFO kan bli i meste laget: «Også på SFO er mye lagt i rammer med organiserte aktiviteter og leksehjelp. Vi aner ikke konsekvensene av dette dristige eksperimentet. Barn higer jo etter å gå ut og leke!» «Også heldagsskolen, inkludert skolefritidsordningen (SFO), har vist seg å være krevende for noen av de minst modne barna, sier Nilsen. (Jonassen, 2017)».

Ved dagens praksis har elevane slik skuletid at mange kan reise rett heim etter skuleslutt og vera åleine heime til foreldre kjem heim fordi det er over såpass kort tid. Ved innføring av 5-dagars skuleveke vil skuledagane mest sannsynlig bli kortare gjennom veka, og det vil vera eit fåtall foreldre som har moglegheit til å hente eller vera heime når ungane er ferdig med skuledagen eller kort tid etter. Då vil mange fleire familiar få auka kostnader i samband med behovet for SFO, i tillegg til at det vil vera mange fleire barn enn tidlegare som får lengre og fleire dagar borte frå heimen.

Vi ser av dokumentet at det ikkje er eit tilbod om onsdags-SFO i Kvam og Skåbu pga. for liten etterspørsel. Dersom det er som dykk skriv, at 73% av foreldra ønskjer eit pedagogisk tilbod fem dagar i veka så ville det i inneverande år ha vore 13 elevar som skulle hatt dette behovet i Kvam. Vi tillater oss å tvile ved denne prosentandelen når vi ser at det er så lite oppslutning at det ikkje blir eit tilbod. (Vi vonar at 13 barn er nok til å halde oppe eit tilbod utan at vi veit noko om minstesatsen her).

Vi tillatar oss å kome med eit forslag om at midler tenkt til 5-dagers skoleveke kan nyttast til å subsidiere gratis onsdags-SFO for dei som treng det, slik at kostnadsspørsmålet ikkje blir avgjerande for om du ønskjer onsdagsfri eller ikkje.

Vi ser at i Nord-Fron er vi blant skulane i landet som har minst undervisningstimar. I dokumentet blir Oslo-skulen trekt fram gjentatte gonger, både når det gjeld time-antal og ikkje minst resultater på nasjonale prøver. Når det gjeld time-antalet så ser vi at dette kan vera sårbart for våre barn. Vi ønskjer meir fakta på bordet her; kor ligg gjennomsnittet, kva for andre alternativer finns det? Vi treng vel nødvendigvis ikkje å setje det målet at vi skal opp i same antal som Oslo-skulane, som har mest i heile landet? Kanskje kan vi samanlikne oss med andre skular andre stader? For når vi samanliknar med landsgjennomsnittet for 1.-10. klasse så kan vi vel kort fortalt seie at vi på desse åra ligg 117t under dette, stemmer ikkje det?

Vi har høyrd ei ordning ein annan stad i Gudbrandsdalen der dei har 4-dagars ordning; der gjennomførar dei for eksempel fellesdagar som skidag, fjelltur og andre felles arrangement onsdagar slik at dei i 1.- og 2. klasse møter eit visst antal onsdagar i året, som er planlagde på førehand og ligg i skuleruta.

Dykk nemner at vi har færre timar på 3.- og 4. trinn, som dykk vurderer å flytte ned til 1.- og 2. Kvar vart det då av lovnaden frå Reform -97 om overgangen mellom barnehage/skule, der den frie leiken skulle vera i fokus? Tenkjer dykk at dei vil ha betre utbytta av undervisningstimane i 1.- og 2. klasse enn i 3.- og 4. klasse? Då står vi att med Peder Haug sin konklusjon: «Første klasse skulle være det beste fra barnehagen og skolen, men i debatten om PISA og målbare resultater, forsvant leken, sier professoren. Læringstrykk og et sterkt fokus på lesing erstattet barnehagedelen av reformen (Jonassen, 2017). […]» Læreplanen som fulgte med seksårsreformen i 97 vektla at første klasse skulle ha eit klart førskulepreg og at barnehagepedagogikken skulle vera til stade til og med fjerdeklasse. Leseopplæringa skulle ikkje skje før i andre klasse; no skal alle 1.klassingar helst kunne alle bokstavane og dra saman til lydar FØR jul i 1.klasse! I artikkelen til Jonassen uttaler Kjønnsforsker og professor Harriet Bjerrum Nielsen ved Universitetet i Oslo at kombinasjonen tidlegare skulestart og auka læringspress ikkje har slått heldig ut for dei yngste elevane. Og det er akkurat denne prosessen dykk vil presse hardare på dei yngste elevane i vår kommune no.  

Peder Haug hevder at «forskning viser at å sette små barn inn i formelle læringssituasjoner med stort trykk, kan skape problemer på sikt» (Jonassen, 2017). Videre viser artikkelen til data der stadig fleire yngre barn får feildiagnotisert ADHD fordi dei ikkje klarar å sitje stille over lengre tid i så låg alder.  Treng vi fleire timar i småskulen for å ha fri leik, eller kan foreldre få nytte desse timane heime med eigne barn..? For vi vonar at desse timane ikkje skal gå med til enno meire stillesitting»? I dokumentet står det at dykk har «all grunn til å tru at meir undervisning vil medføre betre læringsresultat». Vi vil anbefale å lesa heile artikkelen til Jonassen, der Peder Haug viser til kva denne reformen førte med seg i form av både læringsresultat og atferdsmønster.                                                                                                                       

Til slutt, men ikkje minst så vil vi trekkje fram resultat frå Nasjonale prøver. I dokumentet viser dykk til at vi har særleg scora dårleg på lesing over lengre tid. Vi saknar ei oversikt som kan vise oss tal både over våre eigne resultat, men og landsgjennomsnittet. Eit søk på Udir si heimeside viser oss årets resultat på 5.trinn. (Det er ikkje mogleg å sjå eldre resultat, så vi må forhalde oss til det vi får tilgang til). Vi kan sjå at Oslo ligg på 52 skalapoeng i lesing, 2 poeng over gjennomsnittet for heile landet som er 50. Dersom vi ser på vår eigen kommune, så scorer Barhaug også 52 skalapoeng i lesing i år, akkurat det same som Oslo, sjølv med 4- dagars skoleveke. Vi kan vidare sjå at f.eks Våler barne- og ungdomsskole, som har 5- dagars skoleveke, scorer berre 45 skalapoeng i lesing. Kan vi tillate oss å skulde berre på antal skuledagar når vi ser på desse resultata? Forøvrig så scora Barhaug skule i år 53 skalapoeng i både rekning og engelsk. Kanskje har vi uutnytta ressursar innad i vår eigen kommune, som erfaringsdeling mellom skuler…? Kanskje skal vi samanlikne oss med oss sjølve før vi set snuta vår mot Osloskulen…? Det er vel for øvrig ikkje berre time-antal og resultat på nasjonale prøver vi bør fordjupe oss i når det gjeld Osloskulen…? Lenkene under viser til store atferdsproblem blant mange av dei yngre elevane nettopp i vår hovedstad;

-https://www.aftenposten.no/oslo/i/OpzgyA/kraftig-oekning-i-trusler-mot-laerere-i-oslo-skolen
-https://www.abcnyheter.no/nyheter/norge/2021/11/04/195799382/eksplosiv-okning-i-rapporter-om-vold-og-trusler-i-oslo-skolen

Vi kan vel ikkje gøyme under ein stol at vi kan sjå ein tendens i skulane der mangel på «vanleg folkeskikk» og oppdragelse endrar seg drastisk; ikkje berre i Osloskulane, men også her hjå oss. Fleire foreldre mistar kontroll og autoritet over eigne ungar og mange slit med grensesetting. Vi ser det som sjølvsagt at auka skjermbruk og ulike spel og sosiale medier både blant vaksne og ungar er ein sterk faktor, men er det ein ting vi er sikre på, så er det faktorar som i hvert fall ikkje bidreg til større avstand mellom barn og foreldre; tid og relasjon. 

For oversikt over utvalgte resultat på nasjonale prøver sjå vedlegg, og for utfyllande informasjon følg lenker i kjeldelista under.

Kjelder:

-Jonassen, Trine (2017), Seksårsreformen 20 år etter: -gi seksåringene førskolen tilbake, (publisert 21.06.2017) Hentet 23.03.2023: Seksårsreformen 20 år etter: – Gi seksåringene førskolen tilbake (barnehage.no)

Stortinget (2020), Stortingets utredningsseksjon, skoler som praktiserer 4-dagers skoleuke. Hentet 22.03.2023: https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/utredningsseksjonen/utredningsnotater/2019/kommuner-med-firedagers-skoleuke-2019454.pdf

Udir (2022), Nasjonale prøver 5.trinn – resultater, Utdanningsdirektoratet. Hentet 22.03.2023: https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-grunnskole/nasjonale-prover-5.-trinn/


Foreldregruppa som ønsker å beholde onsdagsfri    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Foreldregruppa som ønsker å beholde onsdagsfri fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...