Nei, vi ynskjer ikkje vindkraftutbygging på Haramsfjellet.

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

NEI til vindkraftverk på Haramsfjellet.

2019-05-17 20:57:57

Til alle som bryr seg om natur, landskap og bomljø på Nordøyane !

No har eg avslutta underskriftslista mot vindkraftutbygging på Haramsfjellet .og sendt den til NVE med beskjed om at vi er sterkt imot denne utbygginga. Eg klager på forlengelse av konsesjon utan at det er gjort ei ny vurdering der lokalsamfunnet har vore involvert. 

Eg skriv at "samfunnsnytten" må sjåast i lys av ny kunnskap, mellom anna kollisjonsfare for fugl med turbinar plassert på ein langsgåande fjellrygg. (Fagrapport fugl, Miljødierktoratet 2018, nasjonal ramme for vindkraft9 

Eg skriv også at vi var forespeila av NVE at det ikkje skulle vere restriksjonar på ferdsel etter utbygginga, men at i praksis vert området og viktige turmål (Ullahornet, Nova) stengt etter utbygging. Vi ser at i andre utbyggingsområde (Fitjar)  kjem det opp skilt med advarsel om at ein ikkje skal opphalde seg nær turbinane og at det er fare for iskast på kalde dager. 

Viser også til at NVE argumenterer overfor OED i eit notat (2008) at den konsesjonsgitte løysninga er akseptabel i og med at turbinen på Ullahornet og Mannen er teken ut. Korleis blir vurderinga då når turbinen på Ullahornet er på plass igjen i planane eitt år etter når konsesjon blir gitt ? 

Utbygginga er IKKJE akseptaberl for folk her ute!

 

Takk for alle som skreiv under og sa si meining. 

Mvh Birgit Oline Kjerstad


Birgit Kjerstad



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.




Facebook