Trygg skuleveg for borna på Kjølås og Bygda

31BC669E-DBD2-4139-A67D-EE84D15FCBB8.jpegI alle år har borna som bur på Kjølås og i Bygda på Stranda hatt ein svært utrygg skuleveg, ja eg vil faktisk seie farleg skuleveg. Vi snakka då om Ousbakkane, som er svært uoversiktlig og mørk, utan noko form for gangveg. Borna blir faktisk opplært til å gå på feil side av vegen for å unngå å gå i innersving. Vegen er oppnemnd som farleg og derfor har dei yngste borna krav på gratis skulebuss. Men problemet er desverre ikkje løyst grunna ein buss. For der borna frå Kjølås må vente på bussen, finst det ingen busstopp ( for såvidt ingen andre plassar heller ) og borna må stå i eit skilta farleg kryss å vente! Her dundra tungtrafikken og bilar forbi våre kjære små! Det har vore forsøk på å få bussen til å kjøre opp på Kjølås, men svaret der er at vegen opp er for dårleg og farleg for bussen.... Husk og at denne skulevegen blir og brukt av våre ungdomar på kveld og nattestid, dei har ingen mulighet til å ta bussen. Det er no på høg tid vi stille krav til Stranda Kommune og Fylkeskommunen om at vi ikkje lenger godtek at våre born skal utsetjast for denne fara! Vi krev at det no vert sett i gong tiltak for å bedre situasjonen, i form av at det vert bygd busslommer og gangveg til skulen!

 

*Her er mange born, lat oss få behalde alle*

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Henrik Bjørdal fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...