Krav om å få beholde Kristine Longfellow som fastlege i Høyanger kommune.
Kristine Longfellow har vore ein uvurderlig fastlege for innbyggjarane i Høyanger kommune i 19 år. Med sin forståelse,kunnskap og gode måte å møte menneske på har ho alltid vore ein svært populær lege. Mange har hatt ho som fastlege i årevis, ho kjenner pasientane sine godt, med grundig oppfølging og høg kompetanse. Kristine er utrulig dyktig!
No står vi i fare for å miste ho, noko som vil få store konsekvensar for både pasientar, pårørande og heile samfunnet. Ein god fastlege er alfa og omega når sjukdom og plager rammar, og i desse tider med fastlegemangel, forstår vi ikkje kvifor ho må slutte i sin stilling 12.06.25.
Vi krever at Høyanger kommune ordnar opp i denne saka slik at vi får beholde fastlegen vår. Som Dagfinn Astor, tidlegare kommunelege i Høyanger, så treffande skreiv : "Enhver eventuell konflikt går an å løse ved klokskap og diplomati." Betre kan det ikkje seiast.
Hjelp oss å samle mest mogeleg underskrifter fram til neste kommunestyremøte 19.06. Vi vil sende desse til kommunen to dagar i forkant av møtet.
Tusen takk til alle som vil signere <3
Siv Anne Haaheim og Anne Jo Bjordal Kontakt personen bak underskriftskampanjen
| Forfatteren har lukket dette oppropet. |