Stopp sanering av setrene i Vesllie!

I samband med utvidinga av verneområda i det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn, vart det gjort vedtak om riving og sanering av setrene i Vesllie. Dette er det svært mange som reagerer på med både sinne og vantru. Korleis kan miljø- og kulturvernmyndigheitene sentralt finne på å rasere setrene som for oss som bur i nærområdet er svært viktige kulturminne? SKal det verkeleg vere slik at staten skal bestemme kva folk lokalt eller med anna tilknytning til desse fjellområda, skal meine er verdifulle kulturminne?

Grunngjevinga for rivingsvedtaket er omsynet til villreinen i Snøhetta-området. Sjølvsagt skal villreinen ivaretakast på best mogleg måte, men husa på desse setrene har i seg sjølv absolutt ingen verknad på villreinen sin bruk av området. I følgje fleire forskarar og forvaltarar av villrein, vil den eventuelle minimale auken i menneskeleg bruk av området på grunn av at seterhusa blir ståande, heller ikkje ha nokon verknad for villreinen. Det er grunn til å stille seg spørsmål om omsynet til villrein i dette tilhøvet eigentleg er ein form for vikarierande motiv.

I andre liknande sakar er omsynet til kulturminne som ein viktig del av landskapet tillagt vekt; dette ser ikkje ut til å vere gjort i saka om Vesllie. 

Og kva med historia til dette området av Dovrefjell? Både setring og militær aktivitet er faktisk ein viktig del av historia til området. Sjølvsagt er det svært positivt med den omfattande naturrestaureringa og særleg oppryddinga etter den militære aktiviteten; men vert husa i Vesllia fjerne; fjerner ein og ein viktig del av historia. Vi vert historielause! 

Det er berre få veker til rivinga vert iverksett, men vi har ikkje tenkt å gje oss enno! Vedtaket som er gjort er ei overkøyring både av lokale interesser og av fagkunnskap. Dette kan vi ikkje finne oss i! 

Om du støtter desse synspunkta, set vi stor pris på om du vil signere dette oppropet! Underskriftene vil bli overlevert til klima- og miljøminister Ola Elvestuen innan rivinga skal igangsettast. Bodskapen er klar: Det er enno ikkje for seint å snu! Gjer i det minste ei ny, uhilda og rettmessig vurdering av setrene i Vesllie!IMG_1121.jpg

 


Ellen Marie Sørumgård Syse    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Ellen Marie Sørumgård Syse kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...

Facebook