Nei til innsparing i Ørstabarnehagen!

Kommentarer

#3

Eg signerar fordi dette går direkte på bekostning av borna våre
Eg signerar fordi dette er forslag som IKKJE har vore ute på høring blant foreldre og foreldreråd
Eg signerar fordi det er dårleg familiepolitikk og personalpolitikk

(Vartdal, 2018-02-12)

#7

Kva med borna som har utfordringar i kvardagen? Eller dei borna som er sensitive? Vil dei tilsette ha kapasitet til å sjå det enkelte born? Ved å redusere bemanninga vil dette gå på bekostning av borna. Kva med dei tilsette? Sjukmeldingar m.m tek kommuna høgde for det? Reknar med det ikkje er økonomi til å setje inn vikarar? Og kva med betaling? Sidan kommuna ikkje kan tilby eit fullverdig bhg tilbod til småbarnsfamiliane, og auke antal veker med stengde bhg så må også prisen reduserast.
Synes det er merkeleg at regjeringa har bevilga 450 millionar for å auke pedagognorma frå 01.08.2018-01.08.20 og Ørsta kommune vel å redusere bemanninga.

(Hovdebygda, 2018-02-12)

#8

Barna våre har rett på ein trygg og god barnehage. Dei tilbringe fleire timar der en vi gjer på jobb. Dei treng å bli sett og hørt, ikkje fleire stressa vaksne. I tillegg er det uhørt at ei sett familie i ein situasjon der kanskje foreldre må dele opp kven som har ferie. Når det er ferie SKAL heile familien vere saman og ha fri ilag. Dette forslage gjer det vanskelig for familien. Borna skal bli trygge gode vaksne ein gong, vi leikar ikkje med borna sin oppvekst.

(Vartdal, 2018-02-12)

#11

Jeg signerer fordi jeg er imot hele forslaget! Vi må få kunne bestemme selv når barna skal ha ferien, og ungene trenger de voksne som de har i dag!

(Vartdal, 2018-02-12)

#14

Signerer fordi dette er feil plass å spare penger!!

(Åmdal 6156 Ørsta, 2018-02-12)

#20

Barnas tryggheit skal ikkje bli offer for budsjettsparing i kommuna! Det går ikkje an å spare meir i dei kommunale bhg, dei heng allereide langt bak mtp vedlikehold, leker, uteleiker, arr turar osv. Lat ikkje barna vere utrygge i tillegg!

(Ørsta, 2018-02-12)

#34

Personalet i barnehagen har allerede nok barn pr vaksen. Eg må vete at min unge har det trygt og godt i barnehagen.

(Ørsta, 2018-02-12)

#42

Auka antal barn per vaksen, vil gjere det mykje vanskelegare for personalet å følgje opp kvart enkelt barn. Dette gir barna eit dårlegare tilbod (også lågare sikkerheit) og går spesielt utover barn som krev litt meir i kvardagen.

(Ørsta, 2018-02-12)

#52

Jeg har et barn i Vartdal Barnehage, så dette berører meg og barnet mitt.

(Vartdal, 2018-02-12)

#55

Eg er ikkje enig i innsparinga

(Ørsta, 2018-02-12)

#64

Jeg har et barn i Vartdal barnehage og er veldig fornøyd med det tilbudet vi har fra før av.

(Vartdal, 2018-02-12)

#65

Har et barnebarn i barnehagen og ønsker å ha det barnehagetilbudet som er per i dag!

(Vartdal, 2018-02-12)

#67

Det er for få vaksne i barnehagen, ikkje for mange!!!

(Ørsta , 2018-02-12)

#85

Desse innsparingstiltaka gir mykje meir ulempe enn kva dei gir sparte utgifter.

(ØRSTA, 2018-02-12)

#109

Vil ha fortsatt god barnehage i Ørsta

(Ørsta, 2018-02-12)

#120

Ikkje spar på tryggheita i kvardagen til dei kjæraste vi har - borna treng nok voksne rundt seg!

(Hovdebygda , 2018-02-12)

#127

Nok, og rett, bemanning betyr tryggleik for både tilsette, borna og foreldra deira.
I tillegg har ikkje alle småbarnsforeldre den luksusen at dei står først i køa når ferie vert utdelt, fryktar det vert vanskelig og lite familievennleg med fire veker feriestengt

(Ørsta, 2018-02-12)

#128

Dette er galskap sett iverk. Ein ting er behovet for barnehageplassar på sommaren, men ein anna og enno viktigare er sikkerheita til ungane. Speachless....

(Volda, 2018-02-12)

#142

Det er feil at kommunen sine prioriteringar alltid skal gå ut over borna og dei eldre.

(Ørsta , 2018-02-13)

#145

Pengebruken i Ørsta kommune er ute av kontroll. Det blir snakka om nedskjeringar for barnehagane, helsesektoren og skulesektoren men pengar til "glansbildeprosjekta" til enkelte politikarar blir prioriterte.

(Ørsta, 2018-02-13)

#147

Kvalitet over kvantitet!

(Ørsta, 2018-02-13)

#150

Sommarstenging i 4 veker medfører store logistikkutfordringar for småbarnsfamiliar med fulltarbeidande foreldre. Å auke antal barn per vaksen er ikkje optimalt mtp tryggleiken til barna og arbeidsdagen til dei tilsette.

(Ørsta, 2018-02-13)

#171

Dette går utover barnefamilier.

(Ørsta , 2018-02-14)

#186

innsparing bør gjerast på andre måtar enn tiltak som.rammar dei små. spesielt med tanke på forslage om å auke antall unga pr ansatt...

(Ørsta, 2018-02-14)

#191

Dette er lov brot på avtalen vi har med Ørsta Kommune!

(Vartdal, 2018-02-15)

#197

Stå på alle foreldre og andre som vert berørt av dette.
Lovbrot og kontraktsbrot kan ein ikkje finne seg i

(Vartdal, 2018-02-15)