Redd Fjordly barnehage!

Vi ynskjer å behalde Fjordly barnehage med sin unike beliggenhet og unike fasilitetar. Vi treng barnehagen, og tilbodet Fjordly barnehage gjev. Vi ber difor dykk om hjelp! Sjå og www.fjordly-barnehage.no

Dei seinare åra har det blitt færre barn i barnehagen, då det har vore stor utbygging av barnehageplassar i ytre del av kommuna. Fjordly barnehage har dei siste åra hatt 24-32 barn i barnehagen, men har plass til mange fleire. Vi håpar på meir tilflytting til Bryggja, og da treng vi barnehagen vår. Til tross for økonomisk nøktern drift dei seinare åra, ser vi at fjordly barnehage no treng hjelp frå kommuna til å klare seg. Vi ber difor kommunen støtte opp om Fjordly barnehage sin søknad om underskotsgaranti. 

Vi vil behalde Fjordly barnehage!!