NEI til Vindkrafterk på Haramsøy

Innbyggerinitiativ/støtte til å ta opp sak i kommunestyret om utbygging av Haramsfjellet på kommunestyremøte i august.

Vi som har skrive under på dette dokumentet ber om at Haram Kommune klargjer sitt syn om utbygging på Haramsfjellet før MTA plan er ferdigbehandla i NVE.

Framlegg til Vedtak: 

Haram Kommune vil med dette presisere overfor OED og NVE at kommunen ikkje ynskjer at det skal byggast vindkraftverk på Haramsfjellet. 

Haram Kommune ber om at godkjenning av MTA plan vert sett på vent og at spørsmålet om konsesjon vert vurdert på nytt ut frå ny kunnskap , nye veiledarar og nye krav til arealforvaltning i lys av folkehelseperspektivet.

Bakgrunn: 

Konsesjonen til Haram Kraft AS vart fornya i fegruar 2019 på bakgrunn av snart 15 år gamle konsekvensutgreiingar, utan at kommunen og lokalsamfunnet var involvert.

Haram Kommune var tydeleg negativ til utbygginga ved første gong handsaming i 2006. I 2008 vart saka handsama på nytt  saman med høyring for Havsul prosjekta. Kommunen anka vedtaket om konsesjon, men OED tolka uttalen som eit ja til utbygging av Haramsfjellet. 

Vedtaket vart gjort på anna grunnlag enn realiteten i dag.

Vedtaket vart gjort på bakgrunn av ei sterkt kommunisert "kraftkrise" og på grunnlag av avtale og indisier på at det skulle tilfalle både arbeidsplasser og pengar til kommunen.Det var sagt at eksisterande veg skulle brukast opp på fjellet og NVE stilte ikkje krav om konsekvensutredning av vegtilknytinga.  Planområdet på Flem og turbinen på Mannen og Ullahornet var teken ut av planen, då kommunestyret behandla saka i 2008

Både "kraftkrisa" arbeidsplassane samt friviljug kompensasjon til lokalsamfunnet syner seg ikkje å ha realitet i dag, difor meiner vi at kommunestyret har god grunn til å ta opp realitetane og hevde dette synet overfor NVE og OED så snart som råd. Klimaeffekten av vindkraftubygging på land i Norge er omstridt og det blir hevda at vasskraft, solkraft og enøk potenisalet må utnyttast først. Europeisk kraftbehov kan bedre stettast av offshore vind og tiltak internt i landa som treng straumen. 

Haram er ikkje innafor område utpeika i Nasjonal Ramme for Vindkraft.Nordøyane bør av omsyn til sumverknadane for miljø og naturverdiar av påbyrja vindkraftprosjekt langs kysten, haldast vindkraftfrie. 

 


Nei til Vindkraftverk på Haramsøya v/Birgit Oline Kjerstad    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Facebook