Nei til vindkraft i Vanylven

Ved å signere dette oppropet er du med på å seie at du ikkje ønsker vindkraftutbygging i Vanylven kommune. Legg også gjerne inn ein kommentar kvifor du seier Nei. Alle stemmer og alle gode argument tel i kampen som no er i ferd med å utspele seg.

Det foreligg konkrete planar om eit vindkraftanlegg i fjellheimen ved Åheim og eit tilhøyrande ammoniakkanlegg der. Eit selskap, Green Nordic, er allereie i dialog med grunneigarar i område for å få i stand avtalar med dei.

Vanylven kommune fatta i 2019 følgjande vedtak i kommunestyret:
1. Vanylven kommunestyre ber om at NVE sitt arbeid med nasjonal rammeplan på
land vert avslutta.
2. Vanylven kommunestyre seier klart nei til all utbygging av vindkraft i Vanylven.
3. Vanylven kommunestyre ber også om at områda på Sunnmøre og Nordfjord i
NVE sitt framlegg vert teke ut av rammeplanen.

Nei til vindkraft i Vanylven er ein nystifta organisasjon, men har opphav i tidlegare grupper og personar som har jobba mot vindkraft og for naturvern i kommunen. Organisasjonen er open for alle som vil jobbe mot vindkraft i Vanylven, uansett om du er fastbuande i kommunen eller ikkje.

Vi ønskjer å ta vare på naturen vår. Både fordi det er den aller sterkaste salsvara vi har i Vanylven, denne har vi ikkje lyst å gje frå oss, men også fordi vi har eit ansvar globalt til å ta vare på det vi har att av inngrepsfri natur.

Styret i Nei til vindkraft i Vanylven

 

Kilde kartutsnitt: Green Nordic

dua.pngsnøskarven.png

 


Frode Høgset - Nei til vindkraft i Vanylven    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Frode Høgset - Nei til vindkraft i Vanylven fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...