Nei til nedlegging av heimetenesta på Vikebø!

I Avisa Nordhordland les me 14.11.2023 at administrasjonen i Alver kommune føreslår å samlokalisere oppmøteplass for heimetenesta på Frekhaug og Vikebø. Avdelinga på Vikebø skal flyttast til Frekhaug og dette skal i følgje avisa Strilen 20.11.23 spare eitt årsverk, altså 700 000 kr. Samlokalisering skal i tillegg gje betre utnytting av kompetansen og ressursane kommunen har, samt gje tettare samarbeid og oppgåvedeling mellom tilsette, i følgje tenesteleiar for heimetenesta i Alver. For brukarane heilt nord på Holsnøy vil ei samlokalisering i praksis tyde at dei er 25 km frå basen der heimetenesta er lokalisert og ein 30 min køyretur unna på sommarføre når dei trykker på tryggleiksalarmen. I dag er dei same tala 11,5 km og 14 min, som er meir enn langt og lenge nok ved akutt behov for hjelp.

 

Både brukarar av heimetenesta, pårørande, tilsette og bygdefolket for øvrig reagerer sterkt på forslaget om nedlegging av ei trygg, stabil og god teneste i kommunen. Gjennom dette oppropet vil me seie klart i frå til politikarane i Alver at me ikkje kan godta dette!  

 

Me meinar:

·       Kommunen har etter Lov om kommunale helse- og  omsorgstenester plikt til å gje innbyggjarane forsvarlege helsetenester (jf. §4-1). Ved samlokalisering av heimetenesta vil det verte uforsvarleg lang responstid ved utløyst tryggleiksalarm nord på Holsnøy. Køyretida kan vere inntil 30 minuttar (om vinteren 15 min meir), og i tillegg kjem tida frå oppringing til dei tilsette er på veg. Heimetenesta på Vikebø har ved fleire høve redda liv gjennom rask responstid, og brukarane kjenner seg trygg på at hjelpa aldri er langt unna. Dette sikrar eit trygt og godt tilbod for brukarane, og dei kan også bu heime i eigen bustad lengre før dei må flytte til omsorgsbustad eller sjukeheim. Dette sparar kommunen for utgifter.

·       Det er knytt 9 omsorgsbustader til heimetenesta sin base på Vikebø; - nokre av desse brukarane har store hjelpebehov, men nærleiken til heimetenesta gjer at brukarane kan bu lengre i omsorgsbustaden før dei eventuelt må flytte på sjukeheim. Dette sparer kommunen for utgifter.

·       Tida heimetenesta i dag kan nytta på brukarar, vert flytta over på tid i bil. Dette inneber at færre kan hjelpast eller at tida til kvar vert kortare. Dei som arbeider i heimetenesta, veit at dei allereie tel minutt for å rekke over alt. Tenesta vert dårlegare for brukarane; det vert lengre tid i seng, forlenga tid mellom måltid osv. Kommunen har etter helse- og omsorgstenestelova (§ 4-1b) plikt til å tilby eit verdig tenestetilbod. Er det verdig å måtte vente til langt utpå dagen med å stå opp eller for skifte bleie? For å kunne gje eit verdig tenestetilbod og dekke hjelpebehova, vil det truleg verte behov for fleire hender, då bruk av velferdsteknologi ikkje kan dekke mange av behova til brukarane, og det er heller ikkje noko å hente på effektivisering av ei allereie pressa teneste. Dette vil auke utgiftene for kommunen.

·       Alver kommune vil, etter det me har forstått, gå frå å stasjonere heimetenesta i lokale som dei sjølv eig, til å leige lokale, då det på Frekhaug ikkje er kommunale lokale store nok for formålet. Dette vil medføre ekstrautgifter for kommunen på i overkant 800 000 kr/år.

·       Heimetenesta i gamle Meland kommune var for ca. 20 år sidan samlokalisert på Frekhaug. Dette gjekk ein vekk frå, då avstanden til brukarane vart for stor. Dei tilsette fortel om at dei køyrde 12-13 mil på ei vakt, åt lunsj i bilen og at arbeidet var tungvint då dei ofte måtte køyre tilbake til Frekhaug for å henta utstyr og anna dei trong på ei vakt. Dette er ineffektivt og gjev heller ikkje betre samarbeid mellom dei tilsette. Historia har som ein veit tendens til å gjenta seg, og ein må lære av erfaringane ein har gjort før. Slik slepp ein å byggje ned ei god teneste, for deretter å måtte gjenopprette den. Det vil koste meir for kommunen.

·       Med base på Vikebø er det kort veg til utstyr, samt betre vilkår for dei tilsette. Akseptable arbeidsforhold er viktig for å halde på tilsette. At heimetenesta på Vikebø er lita, vil ikkje seie at ho nødvendigvis er meir sårbar med omsyn til å halde på og rekruttere tilsette. Vanskar med rekruttering til omsorgsyrke er meir generell og ikkje spesiell for heimetenesta på Vikebø (jf. NOU 2023:4), og årsakene til dette er samansett. Ein veit at mellom anna at høg arbeidsbelastning er ein risikofaktor. Arbeidsmiljøet i heimetenesta på Vikebø er godt og dei tilsette fortel om godt samarbeid og oppgåvedeling. Ei samlokalisering vil som nemnd gje større avstand til brukarane, meir tidspress for dei tilsette og mindre tid til samarbeid. Dette aukar arbeidsbelastninga, og ei samlokalisering kan derfor ikkje sjåast å vere eit argument for å halde på tilsette og sikre rekrutteringa.

·       Kommunen kan framleis utnytte kompetansen og ressursane i kommunen der behova er, ved å flytte på tilsette etter behov, utan å måtte leggje ned basen for heimetenesta på Vikebø.

·       I intensjonsavtala for Alver kommune er Vikebø nemnd som eitt av lokal- og nærsentra der kommunen skal leggja til rette for vekst og utvikling for å skapa attraktive og levande sentre. Same stad står det at tenestetilbodet skal vera der brukarane bur. Ved ei samlokalisering av heimetenesta, vil truleg fleire måtte flytte til Frekhaug til omsorgsbustad eller sjukeheim der. Ved å samlokalisere heimetenesta, bidreg politikarane i Alver såleis til å byggje ned nærområdet og tilbodet til brukarane dei dei bur. Dette er såleis brot med intensjonsavtala.  

 

Saka skal opp politisk i kommunen 14.desember d.å. Me oppmodar alle som ynskjer å bevare ei trygg, god og desentralisert heimeteneste på Vikebø om å signere dette oppropet for å vise at me ikkje godtek nedlegging. Dette gjeld framtida vår for oss som bur på nordre Holsnøy. Me ynskjer å behalda levande bygder og lokalsenter i Alver kommune, og treng då å oppretthalda tenester nær folk!  

 

På vegne av brukarar, pårørande, tilsette og bygdefolket:

Torhild Vikebø Søderstrøm (kontaktperson),

Torunn Skurtveit,

Linda Røyseth Sandhåland

 

Oppropet vert publisert på opprop.net , samt det vil vere mogleg å signere papirlister i utvalde butikkar og bedrifter på Holsnøy. Obs! Du kan berre signere éin gong – anten på opprop.net eller på papir.  

 

Kjelder:

- Alver, Politikk | Føreslår eigedomsskatt og skulenedleggingar (nordhordland.no)

– Vi er ikkje papir- eller plastdukker. Vi er levande menneske (strilen.no)

- Strategi og styringsdokument, Alver kommune: PowerPoint-presentasjon (alver.kommune.no)

- NOU 2023:4: Tid for handling — Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste: NOU 2023: 4 - regjeringen.no

- Lov om kommunale helse- og omsorgstenester: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30/KAPITTEL_3#KAPITTEL_3

- Oppfølging - auka kapasitet sjukeheimsplassar samt ny lokasjon dagtilbod for personar med demenssjukdom (sing.no)


Torhild Vikebø Søderstrøm    Kontakt personen bak underskriftskampanjen