Mot Brosviksåta vindpark

PROTEST MOT BROSVIKSÅTA VINDPARK

http://motvindmoellerigulen.net/Brosviksaata/brosvi6.jpg

NVE har nettopp gjeve konsesjon til SAE-Vind AS sitt prosjekt på Brosviksåta i Gulen kommune med 36 vindmøller. Vi protesterer mot denne konsesjonen..

Brosviksåta er eit fjell som er svært godt synleg i kystlandskapet både nordover, vestover og sørover. I frå gamalt har fjellet vore eit øvre seglingsmerke for båtar som har kome inn frå havet. Vi er redde for at dette kan verke negativt inn på satsinga på turisme i kommunen, både bil og båtturisme. Spesielt kan dette gå ut over den mest lønnsame forma for turisme, nemleg hytteturismen på kysten.

Vindmøller på dette fjellet vil bli spesielt synlege ifrå Sognesjøen og yste delen av Sognefjorden, og kan få konsekvensar for turistbåttrafikken til Indre Sogn.

Gulen har to store turistmessige fyrtårn i kommunen, nemleg Skjerjehamn med statuen av Kong Olav V og Tusenårsstaden til fylket rett utanfor kommunesenteret Eivindvik. Rett nok vil vindmøllene på Brosviksåta ikkje bli synlege verken på Tusenårsstaden eller på den eigentlege Gulatingsstaden i sentrum av Eivindvik, men dei vil vere godt synlege i Midtunvågen, ein plass som turistane må reise forbi for å komme ifrå den eine historiske og kulturelle staden til den andre.

Vi meiner at heile området må sjåast på som eit samla kulturelt og historisk område, og er sterkt imot å få dette forsøpla med så godt synlege vindmøller.

Brosviksåta vindpark omfattar ikkje berre Brosviksåta, men også Kvitebergnova og Høgefjellet rett ovanfor Midtun. I Fylkesplanen er dette området ført opp som middels konfliktfult. I tillegg er det ført opp ei vindmøllefri sone rundt Eivindvik på 5 kilometer i radius. Dette utelukkar også desse to fjella for vindmøller. Vi ber anstendig om at dette blir respektert.

Den franske arkitekten Le Courbusier hevda i si tid at huset skal vere ei maskin å bu i. No ser det ut til å bli slik at naturen skal bli ei maskin til å gå tur i. Vi protesterer mot dette, og finn etter ei totalvurdering å gå imot Brosviksåta vindpark.

Primært går vi i mot dei vindmøllene som kan bli synlege i Midtunvågen. NVE har fjerna dei elleve mest synlege og forstyrrande vindmøllene på Dalsbotnfjellet. No for det gjere det same for oss i Eivindvik også.

Når det gjeld Dalsbotnfjellet vindkraftverk, protesterer vi mot dette også og støttar ein eventuell anke ifrå kommunen. Spesielt protesterer vi mot at NVE ikkje har funne ei løysing på linjeframføringa gjennom Dalsdalen som er tilfredsstillande for Luftsportsklubben på Dalsøyra. Her ber vi om at kraftlinja enten må gravast ned eller førast austafor Dalsdalen.