Lys i Storesvingen - NO !

Sidan Raunhildetunnelen vart opna, har Storesvingen vorte mørklagt for gåande og mjuke trafikantar. Rubbestadneset Grendautval (RGU) har teke dette opp med både Statens vegvesen og Bømlo kommune, utan resultat.

Raunhildetunnelen kan brukast både av gåande og syklande, meiner Statens Vegvesen. Det er difor ikkje prioritert å utbetre gang- og sykkelvegen som går langs Storesvingen.
Det er ikkje RGU samd i. Me meiner tvert om at den er livsfarleg for mjuke trafikantar – ikkje minst like utanfor tunnelopningane. Der er det laga betongbarrierer for å hindra ulukker med bil, men desse gjer det samstundes livsfarleg for gåande og syklande. Det viser og arbeidet som er gjort med å føre mjuke trafikantar vekk frå tunnelopningane.

Bømlo kommune viser til at dei ikkje eig vegen langs Storesvingen og at det difor ikkje er prioritert,

RGU meiner at det er eit uverdig spel som me er vitne til der ingen vil ta ansvar. Det kan ikkje bli slik at det først må skje ei ulykke i eller utanfor tunnelen, før det vert gjort utbetringar på gangvegen som skal gjera tunnelen fri for mjuke trafikantar. 

Me veit og at lys langs veg og fortau er viktig i høve tryggleik for mjuke trafikantar.

RGU krev at det vert installert lys i Storesvingen. Statens Vegvesen og Bømlo kommune må snarast finne ei løysing til beste for bygda vår.

Me ber om di støtte i dette arbeidet.
Signer med navn på oppropet dersom du meiner gamlevegen bør opprustast til gang-og sykkelveg.


Rubbestadneset Grendautval    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere godkjenner jeg at Rubbestadneset Grendautval kan overlevere signaturen min til dem som har innflytelse på denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Merk at du ikke kan bekrefte signaturen din ved å svare på denne meldingen.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...

Facebook