La musikkgjengen i Lindås kommune leve!

 

I BA den 25.8 2018 kunne me lesa at «Musikkgjengen» som er ein del av  aktivitetsbasert avlasting i Lindås kommune vert lagt ned.

Musikkgjengen, som eg sjølv har vore så heldig og fulgt i mange år, er eit fantastisk aktivitets og kulturtilbod for ungdomane.


Eg har sett musikkinteresse, musikalsk utvikling, samspel, trygghet og latter - mykje latter og glede! Eg har sett og erfart teamet rundt, dei som planlegg og ho som handlar inn mat og veit kva pålegg ungdomen vil ha. Gleden i augene når dei vert henta, gleden og latteren i bilen på vei til deira dag. Eg eg har sett musikkterapauten som står i døra og ventar på ungdomen - og ønskjer dei velkommen på den måten ho veit dei likar det aller best.

Eg har fulgt dei på konserter og sett magi på scena, der Musikkgjengen er dei store stjernene til stor glede for publikum.
Eg kjenner at eg blir utrulig lei meg og provosert når eg høyrer at dette tilbodet vert lagt ned mot ungdomane og foreldras vilje.

Kjære Lindås kommune- kan de vera so snill og ta ein pust i bakken og sjå på denne saka ein gang til?

Signer dette oppropet om du: 

  1. Ønskjer at Lindås Kommune lar Musikkgjengen leve!
  2. Ønskjer at Lindås kommune sikrer reell brukarmedverknad i denne og andre prosessar!
  3. Ønskjer å  vise di støtte til foreldra og ungdomane i denne saka!

Forfattarane av innlegget Karin Reimers og Inger Helen Midtgård framhever retten til avlasting  som  ei lovpålagt teneste,- og  at kommunen har plikt til å gje eit eigna og forsvarleg omsorgstilbod. I musikkgjengen møtest unge med nedsett funksjonsevne, ein musikkterapeut og ein miljøarbeidar. 

Ein av ungdomane seier det slik:
«Det er min dag i dag, det er måndag, det er musikkgjengen». Ei mor seier det slik «Dette er det einaste stabile tilbodet sonen min har hatt, han veit at det alltid er musikkgjengen om måndagane.» Ein far seier: «Her har sonen min eit godt kulturtilbod, avlasting ellers vert lett berre oppbevaring.»

Musikkterapi pluss felleskap, blir magi. Her får dei unge vist fram kva dei kan, utvikla sitt talent og utvikla venskap. Musikk har ein eigen magi, musikkgjengen ein eigen energi. Musikkgjengen har vore eit eventyr for dei unge, for fagfolk, for foreldre, søsken og familie, jamvel for politikarane som har fått oppleva musikkgjengen

Som Reimers og Midtgård skriv:


Ut frå prinsippet om forvaltningas frie skjønn, står Lindås kommune relativt fritt til å utforma eit avlastningstilbod som dekker behov kvar enkelt har for nødvendige, forsvarlege tenester. Dette fritek likevel ikkje kommunen frå å sikre reell brukarmedverknad i prosessen. Det skal ifølgje pasient- og brukarrettslova § 3-1 leggast stor vekt på kva brukar meiner. Der kommunen kjem til eit anna resultat, må kommunen gjera greie for kvifor brukerens ønske ikkje vert tatt til følgje.

 

Dersom de ønsker å lesa heile innlegget kan de følga linken her: 

https://www.ba.no/debatt/barn/lindas/ei-mor-seier-for-sonen-min-er-musikkgjengen-sjolve-livet/o/5-8-865243

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Hilde Alvær Hagesæter    Kontakt personen bak underskriftskampanjen