NEI til å legge ned Flatene skule!
La skulen vår leve!
Skuledebatten går heitt føre seg i kommunen vår, og mange mobiliserer for å bevare skulekretsen sin! Flatene skule vart bygd då dei fyrste seksåringane skulle byrje på skulen, og er utforma med kvart trinn i sitt eige hus, med eigen SFO. Dette legg til rette for leik, tryggleik og gode relasjonar mellom elevane, og skapar ein smidig overgang frå barnehage til skule.
Flatene skule vert sett på som ein mønsterskule, og fleire delegasjonar har kome på besøk for å lære av måten skulen er organisert på. No står skulen vår i fare, og vi må stå saman for å sikre framtida til borna våre!
Signer oppropet og hjelp oss å redde den gode, fantastiske skulen vår!!
Karoline J Vågsholm Kontakt personen bak underskriftskampanjen