JA til ny barnehage i Svanevågen!

Me meinar Øygarden kommune ikkje har gjort da riktiga valget angåande ny barnehage i 2017/18.

17. September 2014 vedtok Øygarden kommune at Breivik Friluftsbarnehage og Tjeldstø barnehage vært lagt ned til fordel for ein ny barnehage ved Blomvåg skule. Samtidig forkasta de søknaden frå Hans Arne Breivik akkompani med Norlandia barnehagane sitt forslag om ein ny gards-og friluftsliv barnehage i Breivik.
Kommunen meinar alternativ 2 - Svanevågen: gir for lang kjøretid for foreldre sør i kommunen og at det ikkje vil verta søkt barnehageplass ved Svanevågen,
men at det då er heilt greit for dei nord å kjøra sør for å levera ved Blomvåg. Det er ikkje dette me vil setta fokuset på, men det blir for tynt å sjå berre på transportgrunner, me er i 2014, og grunnverdiane våre holder på å svinne hen i at unga spør etter å få sjå på barnetv oftare enn å få gå ut.
Me ynskje eit fleirfoldig tilbod til ungane våre kontra ein barnehage bygd berre for å fyllast opp, då kan da vera da samma kor dei velge å bygga den!

Me meinar at foreldre i dag er meir opptatt av at ungane våras får ein fin barnehage kvardag og kan utvikla sine sanser mykje meir effektivt enn kor langt dei må kjøra for å levera og henta i barnehagen.
I Svanevågen kan ungane få ein heilt unik barnehagedag! Dei kan helsa på dyr daglig, lære om dyra, få oppdaga flott natur, frå den minste larven til den flottaste sommerfuglen, dei kan gå i fjæra å plukka skjell, bada, leita etter krabbar og vera ute i båt. Dei kan utfolde seg i bergo, klatra med sertifiserte ansatte, dyrka sine egne grønsaker, blomar, frukt og bær, dei lagar seg mat i frå begynnelsen av eit lite frø til eit ferdig produkt, dei får presentera sine foreldre kor flinke dei har vært og kor stolte dei er for å få vera med på da. På dei verste vindfulle dagane søke dei ly i skogen og samla seg rundt gruvo med lapperøra på flaska eller steikje fiskekake. Dei kan grilla i grillhytto eller berre gjemma seg der fordi påskeharen kanskje er ute å hoppa og han er litt sjenert. Dei ansatte får mykje meir spelerom og giv til å ta vare på ungane våras og læra dei normer og verdier med ein fantastisk entusiame blandt barn som ikkje kjedar seg i ein grusa bakgård.

Norlandia sin visjon er ”- med livslang lyst til lek og læring” og har allereie et flott samarbeid med Ulven Naturbarnehage på Ulveseth og Kårtveitpollen barnehage på Ågotnes. Der begge i dag er avsides frå hovedvei, har natur rundt seg som dei brukar til det ytterste.
Meir om Norlandia kan dykk lesa på www.norlandiabarnehagene.no.
Hans Arne seier at hans fokus de nærmaste årene vil vera ein barnehage i hans prosjekt, han ynskje ikkje at ungane som kjem på besøk i fjøset hans med ulike spørsmål frå "kva har kua under magen?" til  "har den kua vært så bitteliten som den kalven der før?" skal verta vekke. Han skal ha ros for å ha opna sin gård for dei som allerede går i Breivik Friluftsbarnehage, gitt dei fri bruk på skog, fjæra, dal og bekk. Det er ikkje alle foreldre som er klar over at Breivik Bhg, ikkje berre er innanforbi bygget sine gjerder, men så langt meir enn det.
Ut i frå kommunen si vedtekt vil dei byggja på stupen ved skulen på Blomvåg, ikkje berre ser foreldre fare med ein gong sjøl om da vært godt sikra, men kor skal dei gå på tur når dei vil til skog, vatn og trær? Då må dei kryssa vegen opp til Lamaskogen feks, over den skumla bruo, etc og per.dags dato er det allereie bra trykk med tung trafikk, dette vil berre komma meir og meir og for ikkje å snakka om at skulen sitt uteområde kan verta mindre.
Når ein kjem frå barnehagen og til 1.klasse vil du kanskje ikkje bli heilt avskremt med at du ikkje kan sparka fotball eller slenga deg på disso som før. Frimenuttene er korte, men som barn rekk du over ganske så mykje på få minutt!

Ny barneskule er allerede i gang på Tjeldstø, og nye boligfelt er under opparbeiding, men korfor skal folk busetta seg nordover når dei ikkje har barnehage? Der meiner vi og kommunen gløymde seg litt.
Tjeldstø barnehage har også gårder dei benytter seg av å besøker, der har Skjærgårdstunet vært ein stor del av deira kvardag, Kystmuseet opnar meir enn gjerne for barnehagane for å visa fiske og sjøfart, dei får komma både på julegraut og andre arrangemang, til og med er dei ansatte flinke å benytta seg av Rong som har varmt basseng og vanlig basseng, og ein kjem stadig tilbake til den eina strofo: "Benytt seg av da ein har!"

Er du einig om at ein ny barnehage i Breivik er det beste alternativet og vil benytta deg med meir enn glede av denne??? SIGNER!!! :D