Hald på dagens ungdomsskulestruktur i Tysvær kommune!

Oppfordrar alle tysværbuar til å signera, som er enige i at det vil vera uklokt å leggja opp til ein storskule for ungdomstrinnet i Aksdal eller Frakkagjerd.

I rapporten til Tysvær kommune ”Mulighetsstudie kommunedekkende ungdomsskole” står det at det er så lite som skiljer dei ulike alternativene økonomisk (dagens struktur mot kommunedekkande ungdomsskule i Aksdal/Frakkagjerd), at ein bør leggja til grunn det som ein meiner er rett og mest framtidsretta når kommunestyret skal avgjera kva alternativ dei går videre med.

Under er det lista opp nokre av årsakane for at det er betre å halda på dagens ungdomsskulestruktur:

Folkehelse:

-  Skuleelevar med skuleskyss er som gruppe i dårlegare fysisk form enn dei som kan ta seg fram til og frå skulen for eigen maskin. Elevar med lang dagleg skuleskyss(meir enn 40 min eller 25 km) er i dårlegare fysisk form enn dei som har mindre tidkrevjande eller kortare skulereiser.[1]

-  Dagleg transport av elevar til og frå skulen aukar risiko for ryggplager, og reduserer balanseemne og røyrsle i rygg og hofteparti. [1]

-  Risiko for overvekt og fedme aukar.[1] Mange av barna vil ha vesentlig dårlegare forutsetningar for å oppnå dei anbefalte 60 daglege minuttane med fysisk aktivitet.

-  Elevane med lang reiseveg må stå opp tidlegare og får mindre søvn. Ungdom har i dag meir søvnvanskar enn tidlegare. Dette er ein sterk risikofaktor for seinare fråfall i arbeidslivet og personar med søvnvanskar har større risiko for å utvikla ei rekkje psykiske og fysiske tilstandar.[2]

- Å plassera skulen i kort avstand til eit kjøpesenter(Aksdal) kan bidra til dårlegare kosthald blant ungdommane.  

Lokalmiljø :

- Å behalda ungdomsskulen i Tysværvåg og Nedstrand har avgjerande betydning for framtidig busetjing.[3] Det blir mindre interessant for eventuelle innflyttarar å busetja seg på ein stad langt frå nærmaste ungdomsskule.

- Å ta ut ungdomsskulen frå Tysværvåg og Nedstrand, svekker bygdene på lengre sikt, då ungdommane sosialiserer seg ut av bygdemiljøet.[3]

- Klubbidretten i bygdene blir svekka.  

Psykososialt miljø:

- Nokre forskiningsstudier viser til at haldninga til og motivasjonen for læring kan vera betre på små skular enn store skular, på grunn av at det er tettare relasjon mellom elev og lærar i små læringsfellesskap.[4]

- Det vil ofte vera betre kontakt mellom lærar og foresette ved små, lokale skular. [4]

- Det kan vera betre kontakt mellom foresette, då dei kjem frå eit meir avgrensa geografisk område.

- Det kan vera utfordrande å knyta vennskapsband for elevar i ytterkantane av kommunen, mtp å få til sosialt samvær på fritida, dersom det blir ein kommunedekkande ungdomsskule.

- Mindre skular har færre skulkarar og ulovleg fravær.[4] Fravær er ofte noko av det fyrste ein framtidig arbeidsgivar ser på og det er derfor svært viktig å forebyggja ulovleg fravær.

- Mobbing kan vera vansklegare å oppdaga på ein stor skule.

- Fleire elevar får lang reiseveg med buss, der mobbarar har tilnærma fritt spelerom.

- Å samla opp mot 700 elevar i alderen mellom 13-16 år på ein stad, kan skapa lukka gjengmiljø. [5]    

 

 

[1] Side 21 i ”Spredt eller samla” Utredning av ungdomsskolestruktur i Vågan kommune. http://www.nordlandsforskning.no/getfile.php/1311215/Dokumenter/Rapporter/2016/NF%203_2016_84s%20%283%29.pdf

[2] Artikkel på forskning.no http://forskning.no/forebyggende-helse-sykdommer-sovn-barn-og-ungdom-internett-mobiltelefon/2013/04/ungdom-trenger-mer

[3] Side 24 i ”Spredt eller samla” Utredning av ungdomsskolestruktur i Vågan kommune. http://www.nordlandsforskning.no/getfile.php/1311215/Dokumenter/Rapporter/2016/NF%203_2016_84s%20%283%29.pdf

[4] Kapittel 2.3 i Tysvær kommune sin rapport ”Mulighetsstudie kommunedekkende ungdomsskole” http://www.tysver.kommune.no/images/Filer/Hoyringar/Mulighetstudie/Mulighetsstudie-min.pdf

[5] Artikkel http://forskning.no/2014/11/store-skoler-skaper-ekskluderende-elever McFarland, D.A. Network Ecology and Adolescent Social Structure. American Socciological Review (2014)