Gangfelt mellom Helland øvre og Helland nedre barnehage. ( Misfjordvegen fv 160 )
FORELDRE KREVER GANGFELT
Fylkesveg 160 har Helland skule og Helland barnehage (avdeling øvre) på den eine sida, og Helland barnehage (avdeling nedre), idrettsplassen, kulturskulen og symjehallen på den andre sida. Kvar dag kryssar barn på veg til skule, barnehage og fritidsaktivitar denne vegen. Barnehagebarn må krysse vegen når dei går til faste turområde og på besøk til andre avdelingar, og skulebarn må krysse vegen på veg til kroppsøvingstimar og kulturtilbod i skuletida. Fylkesveg 160 manglar både overgangsfelt og god belysning der barna kryssar. Nyoppførte bustader og nyregulert industriområde har ført, og vil føre til, auka trafikk på strekninga.
Vi krev trygg ferdsel for skule- og barnehage i Vestnes kommune, og fremjer difor krav om merka overgangsfelt og betre belysning knytt til overgangsfeltet. Vi oppmodar alle som støttar kravet til å signere dette oppropet.
Mvh FAU Helland barnehage og FAU Helland skule
FAU Helland barnehage Johnny Svensli Kontakt personen bak underskriftskampanjen